Forhasta konklusjon i Gyro-saka
23. juni kommenterer Romsdals Budstikke på leiarplass DNs (Direktoratet for naturforvaltnings) utkast til handlingsplan for bekjemping av lakseparasitten Gyrodactylus salaris.
Norske lakseelver set pris på at andre instansar enn elveeigarane no begynner å sjå det meiningslause og uhaldbare i at dei infiserte elvene i Rauma i ti-åretter ti-år skal ligge på sotteseng, og er heilt einig med RB i at "Bevaring av den atlantiske villaksen er et internasjonalt ansvar Norge må ta på større alvor enn hva myndighetene har gjort til nå" . Og viss vi skal vente til 2017 før elvene blir behandla, er det ein uakseptabel situasjon.
Men det er ein forhasta konklusjon at ventetida treng bli so lang.
Det DN la fram sist fredag var ikkje ein endeleg plan, men eit forslag som dei bad om tilbakemelding på frå ein del sentrale aktørar. DN vil no med bakgrunn i dei merknadene / innvendingane som kom fram i møtet, utarbeide sitt endelege forslag, som deretter blir sendt Miljøverndepartementet for behandling / vedtak.
Det forslaget som no var til "høyring", skisserte fleire strategiar for dei ulike elvene, med ei slags prioritering.
For Rauma elvs vedkomande var det anbefalte forslaget å bygge sperrer før behandlinga, men med opning for å behandle elvene utan slik sperrebygging. I første tilfelle ville ei behandling først kunne starte om 10 år med friskmelding 18 år fram i tid, dvs. ca 2026.
Saman med Vidar Skiri (Rauma elveeigarlag) var underteikna til stades på møtet, og begge understreka vi sterkt at sperrebygging med føgjande ventetid er ei uakseptabel løysing. Sperrebygging har tidlegare vore vurdert, og tanken vart forlatt både av tekniske og biologiske årsaker. Går ein bort frå denne løysinga, kan ei kjemisk behandling av Rauma-elvene starte i løpet av 2 år, etter det skisserte framlegget.
Fylkesmannen v/ Trond Haukebø støtta oss i desse synspunkta, og det er all grunn til å tru at DN alvorleg vil vurdere innvendingane i sitt vidare arbeid med handlingsplanen.
I tida fram til endeleg vedtak, og endå meir fram til behandling av elvene, er det av stor verdi at alle i Romsdals-samfunnet engasjerer seg i kampen for snarleg behandling, slik at vi i overskueleg framtid på nytt kan få oppleve friske elver.
Slik sett er vi glade for at Romsdals Budstikke tek opp saka på leiarplass.
Måndalen, 23.06.08
Aage Wold
Styreleiar Norske Lakseelver |