TEMA



. Gyrodactylus salaris
. Desinfisering av fiskeutstyr
. Lakseoppdrett
. Nasjonale laksefjorder og laksevassdrag
. Fang og slipp
. Verdien av laksefiske
. Kalking
. Fangststatistikk
. Fiskeforskrifter
. Foredrag
. Fisketurisme
Lokal driftsplanbasert forvaltning
Kultivering
Vassdragsregulering
Laksefiske på Island
Laksefiske i Skottland

 

 

Information i English
 
 
 

Torskeoppdrett ved Vindsneset:

Kvar har de vore alle saman?

Ope brev til Rauma kommune, M&R Fylke, Mattilsynet og Fiskeridirektoratet, vedr. torskeoppdrett ved Vindsneset

So må Rauma-innbyggarane berre konstatere at no har oppdrettsnæringa også innteke den inste delen av Romsdalsfjorden, til glede for nokre få utanfor kommunen, til ulempe for dei mange i kommunen.

Ved Vindsneset, langt inne i den nasjonale laksefjorden, er Villa Cod farm allereie i gang med etablering av eit (etter mi oppfatning) gigantisk oppdrettsanlegg med tillatt biomasse på heile 1560 tonn. Eit anlegg som bandlegg eit stort område over sjøflata og eit mykje større under.

Når eg i starten ikkje trudde det eg såg, var det vel fordi eg i mi blåøygde tru på offentlege etatar ikkje har følgt godt nok med i sakshandsaminga.

No er slaget tydelegvis tapt for oss som rekna med ei anna framtid for denne fjordarmen, men i ettertid må det likevel vere tillatt å stille ein del spørsmål til dei etatane som har gjeve løyve til det som no skjer.

Rauma kommune.

Korleis samsvarar det med vår visjon om å bli "Verdens beste kommune for naturglade menneske," med stor satsing på turisme, at det første turistane møter ved innseglinga til kommunen, er store oppdrettsanlegg? Og at eit mykje brukt område i kommunen no blir utilgjengeleg for fritidsfiskarar og andre naturglade menneske?

Kva har skjedd med delvedtaket i sak TM-105/07, der det heiter " Hovedutvalget for Utbygging, Teknisk drift, Natur og Miljø ber om at det foretas en konsekvensutredning av nevnte lokalitetsutvidelse i forhold til det maritime miljø i området." ?

Ville det ikkje vere rimeleg at kommunen, av omsyn til andre brukargrupper av fjorden, forlangte og avventa ei slik analyse før ein gav klarsignal ?

Er det slik at når kommunen i si arealplan har lagt ut eit område for havbruk, har ikkje kommuneleiinga lenger herredøme over kva som skal etablerast i området, og av kven ? Kva verdiar tilfører det nye anlegget Rauma kommune ?

M&R fylke.

Miljøavdelinga i fylket har vurdert verknader på resipientbruk, frilufts-, naturvern-, fiske- og viltinteresser, og konkluderer (utruleg nok):
"Vi ventar ikkje uheldige forureiningsverknader som følge av anlegget."

"Den omsøkte etableringa vil etter det Møre og Romsdal fylke kjenner til ikkje kome i konflikt med regionale/nasjonale interesser med omsyn på friluftsliv, naturvern, fisk eller vilt."

Med andre ord: Mljøavdelinga ser (utruleg nok) ikkje ei einaste negativ side ved anlegget!

Er det heilt ukjent for avdelinga at allereie i dag er kvitfisken i deler av fjorden periodevis so feilfora av overskotsfor og avføring frå oppdrettsnæringa at han er dårleg eigna som folkemat? (Jfr det som no skjer i Ryfylke)

Og kvar i all verda har du vore fiskeforvaltar Leif Magnus Settem, som har eit spesielt ansvar for forvaltninga av villfisken, ikkje minst laks og aure? Er er det vanntette skott mellom kontora på Miljøavdelinga, sidan du i telefonen seier at du ikkje har vore delaktig i saka ?

Mattilsynet.

På direkte spørsmål til regiondirektøren for Mattilsynet i Møre og Romsdal og Trøndelag, Bjørn Røthe Knudtsen, for eit par månader sidan, fekk eg som svar at det forut for alle konsesjonar / stadval blir gjort so grundige undersøkingar av straumtilhøve etc. at det er ingen grunn til frykt for forureining korkje ved dette eller andre oppdrettsanlegg i M&R.

Kvar kjem han då frå all kvitfisken i Romsdalsfjorden som er så full av pellets at fjordfiskarane med dårleg samvit sel han som prima vare? Kor ofte og kor grundig blir botnen ved oppdrettsanlegga undersøkt, og av kven ?

Kva med dei sjukdomane / parasittane som vi allereie i dag veit kan overførast frå kvitfisk til laksefisk ?

Fiskeridirektoratet.

Sentralt har Fiskerideirektoratet i seinare tid og ved fleire høve uttrykt stor bekymring for den atlantiske villaksen og den trusselen oppdrettsnæringa representerer i den samanheng. Like fullt blir det frå regionkontotra delt ut stadig nye konsesjonar i eller tett ved dei nasjonale laksefjordane. I dette tilfelle er det snakk om torskeoppdrett, som loven ikkje set forbod mot.

Men er det slik at FD er forplikta til å godkjenne alt som det ikkje er direkte forbod mot, eller kan ein bruke skjønn og eigne vurderingar i det enkelte tilfelle ? (Minner meg om dommaren i "Smeden og Bageren" som ikkje fann nokon paragraf der det direkte stod at det var forbode å avrette ein uskuldig bakar i staden for ein skuldig smed.)

Pr i dag veit vi lite om kva negative verknader torskeoppdrett kan ha på villaksen/sjøauren, men vi veit at somme sjukdomar og parasittar kan gå på begge artar, eksempelvis den sokalla Skottelusa.

Når kunnskapen er mangelfull, har Norge gjennom NASCO forplikta seg til å følgje "føre-var-prinsippet" i lakseforvaltninga. Ville det ikkje vere rimeleg at FD følgde dette prinsippet, i det minste i ein nasjonale laksefjord der dei lokale laksestammene allereide ligg på sotteseng pga. gyro? Eller er tilrådingane frå / avtalane med NASCO irrelevante eller ukjende for FD?

Og kvifor hasta det slik med å komme i gang på Vindsneset at FD gav løyve til anleggsstart før klagefristen var ute ?

Kva no ?

Saka viser med all tydelegheit at korkje Miljøavd. i M & R, Mattilsynet eller Fiskeridirektoratet har til hensikt å ivareta interessene til fjordfiskarane (både fritids- og næringsfiskarane) i Rauma, langt mindre lakseinteressene, og i alle fall ikkje interessene til alle andre "naturglade menneske" i kommunen. Då må kommunen sjølv ta hand om rattet.

Kampen for ein oppdrettsfri Romsdalsfjord er tapt. Men so vidt eg veit, er det allereie planar om tilsvarande anlegg på fleire andre fjordområde som er sett av til oppdrett i arealplanen for Rauma kommune. Difor bør kommuneleiinga no lytte til alle dei inbyggarane som er forferda over det som skjer ved Vindsneset, og straks sette i gang ein prosess med sikte på å omgjere sjøplanen, so me slepp fleire gigantanlegg i "Verdens beste kommune for naturglade menneske".

Eg er rimeleg trygg på at ei underskriftskampaje mot fleire "Vindsnesanlegg" ville bli overveldande stor frå alle lag av folket i Rauma.

Måndalen, 19.07.08

Aage Wold