TEMA



. Gyrodactylus salaris
. Desinfisering av fiskeutstyr
. Lakseoppdrett
. Nasjonale laksefjorder og laksevassdrag
. Fang og slipp
. Verdien av laksefiske
. Kalking
. Fangststatistikk
. Fiskeforskrifter
. Foredrag
. Fisketurisme
Lokal driftsplanbasert forvaltning
Kultivering
Vassdragsregulering
Laksefiske på Island
Laksefiske i Skottland

 

 

Information i English
 
 
 

Hybridar mellom laks og aure påvist i elva Driva

H ybridar frå kryssing mellom laks og sjøaure er påvist i elva Driva. Det viser undersøkingar som Norsk institutt for naturforskning (NINA) har gjort på oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning (DN). Vassdraget har vore infisert av laksedreparen Gyrodactylus salaris sidan midten av 1970-talet, og Driva-laksen er i dag nesten utrydda frå vassdraget som følgje av parasittangrepa. Miljømyndighetene frukter at hybridisering mellom laks og sjøaure over tid vil føra til genetisk utarming av begge artane

Etter at det i fjor haust vart avdekka eit svært stort innslag av kryssingar (hybridar) mellom laks og aure i Vefsna, var det all grunn til å frykta at det er liknande tilstandar i andre gyroinfiserte vassdrag. I Driva har NINA gjort omfattande undersøkingar av laks og sjøaure i 2004. Genetiske analysar dokumenterer eit vesentleg innslag av hybridar i bestandane av ungfisk i elva.


Resultata viser at det har vore hybridisering i gytebestandane i Driva haustane 2002 og 2003, og at kryssing mellom laks og aure har skjedd i alle delar av vassdraget der desse artane finst. Av totalt 890 fiskeungar som vart samla inn på 10 stasjonar, vart det funne ein prosent hybridar hos årsyngel og ti prosent hos eittåringar. Dersom ein ser berre på dei fiskane som likna på lakseungar ut frå ytre kjenneteikn (les: lakse-like ungfiskar), var innslaget av hybridar femten prosent hos årsyngel og heile 62 prosent hos eittåringar. Miljøstyresmaktene fryktar at store innslag av hybridar vil auka den samla smitterisikoen, og at hybridisering mellom laks og sjøaure over tid vil føra til genetisk utarming av begge artane.