TEMA



. Gyrodactylus salaris
. Desinfisering av fiskeutstyr
. Lakseoppdrett
. Nasjonale laksefjorder og laksevassdrag
. Fang og slipp
. Verdien av laksefiske
. Kalking
. Fangststatistikk
. Fiskeforskrifter
. Foredrag
. Fisketurisme
Lokal driftsplanbasert forvaltning
Kultivering
Vassdragsregulering
Laksefiske på Island
Laksefiske i Skottland

 

 

Information i English
 
 
 

Lakselusa trugar sjøauren

 

Mengdene av lakselus i oppdrettsanlegga i Ryfylke er no så store at det også trugar sjøuaren og villaksen i regionen.

NRK Rogaland melde i går at mengdene av parasitten lakselus har auka monaleg. I år er situasjonen så ille at også sjøauren er truga. Sommaren i år er den verste på sju år. Oppdrettnæringa har gjennomført tiltak mot lakselusa, nokre av dei samordna. Men tiltaka verkar ikkje ha den nødvendige effekt. Fiskeforvaltar Svein Dam Elnan ved Fylkesmannen sitt kontor er varsam i sine utsegner, men trur at grensa for kor mykje fisk ein kan ha i oppdrettsanlegga i Ryfylke kanskje er nådd.

Ropar varsku
- For lakselusa er det viktig å finne ein vert å leve på. Lusa et av skinnet på laks og aure. Når talet på anlegg blir så stort, og talet på oppdrettsfisk tilsvarande høgt, er naturleg nok smittfaren for villfisken også større, seier Elnan til Haugesunds Avis. Elnan vil ikkje uttale seg om det no må setjast tak på tal konsesjonar.- Det er ikkje vår jobb. Vår jobb er å forvalte villfisken. Og når villfiskbestanden er i fare, ropar vi varsku. Men kanskje har vi no nådd eit maksimumsnivå på tal oppdrettsanlegg. Som døme på kor alvorlege eit lakselusangrep kan vere, fortel Elnan at dersom smolten
når den vandrar ut av elva har ti lakselus på seg, så er det også i realiteten dødsdømt.

Artikkelen er hentet herfra