TEMA



. Gyrodactylus salaris
. Desinfisering av fiskeutstyr
. Lakseoppdrett
. Nasjonale laksefjorder og laksevassdrag
. Fang og slipp
. Verdien av laksefiske
. Kalking
. Fangststatistikk
. Fiskeforskrifter
. Foredrag
. Fisketurisme
Lokal driftsplanbasert forvaltning
Kultivering
Vassdragsregulering
Laksefiske på Island
Laksefiske i Skottland

 

 

Information i English
 
 
 

Fiskeforvalter i Hordaland: - Oppdrettsnæringen er ute av kontroll

Etter to år med lite rømming har det sprukke heilt i haust, skriv Kambestad i eit brev til Bergens Tidende. Her er det registrert rømt oppdrettsfisk, utan at styresmaktene veit kvar fisken kjem frå:

* Regnbogeaure på mellom 0,8 og,3 kilo oppdaga i Sørfjorden ved Osterøy i august.

* Mellom 10.000 og 20.000 laks mellom 1,5 og 2,0 kilo i Etne i august/september.

* Fleire tusen laks mellom fem og sju kilo i Etneområdet i august/september.

* Fleire tusen laks på mellom tre og fem kilo i Fusafjorden I tillegg har oppdrettarar rapportert tre rømmingar av laks eller regnbogeaure og ei rømming av oppdrettstorsk.

Kambestad meiner at alle urapporterte rømmingar viser at situasjonen er ute av kontroll. Han er overtydd om at ikkje alle oppdrettarane oppfyller meldeplikta ved rømming og at mange som rapporterer rømming underrapporterer.

Vil merke laksen
Dei uregistrerte rømmingane er grunnen til at Direktoratet for naturforvalting (DN) i førre veke skreiv til Fiskeridirektoratet. I brevet peikar DN på at situasjonen i Hordaland viser at dagen system for å registrere og kartlegge rømt oppdrettsfisk ikkje er godt nok. Difor vil DN ha fortgang i vurderingar av om laksen skal merkast. Metoden er å sette eit merke i snuten på ein del av laksane, der informasjonen om kvar laksen høyrer heime er prenta inn. Poenget med merking er dels å kunne stille oppdrettarane til ansvar, dels å få informasjon om kvar fisken kjem frå for å stoppe rømminga og avgrense skaden. I fjor ville regjeringa og Arbeidarpartiet innføre eit krav om merking av oppdrettslaks, nettopp for å kunne finne ut kvar rømt oppdrettstorsk kjem frå. Framlegget vart vurdert at eit utval som kom til at merking ikkje var vegen å gå. Men no vil DN altså vurdere merking på nytt.

Les mer her