Laksefeber til 3000 kroner kiloen
Lakseoppdrettarane jublar når dei klarer å selje fisken til over 25 kroner kiloen. Sportsfiskarane betaler gladeleg nesten 3000.
- Over 20 kilo...
- Den tok på ein sluk heilt nede på brekket der. Det er ein floskel, det at botnen flytta seg, men sånn var det med den fisken der. Eg vil tippe at den var over 20, seier Alv Arne Lyse. Den fisken fekk han aldri på land.
- Kor lenge brukte du på å berabeide dette?
- Eg har no halde på i 19 år. Heile episoden står veldig klart i minnet.
-Flytsone, seier professor Willy Haukedal. Sportsfiskarane får den same kjensla som fotballspelarar og andre idrettsutøvar i form. Alt lukkast, det er berre å guffe på. Eit tanketomt nirvana i lakseelva.
- Etterpå veit du at dette var ei fin oppleving, seier Haukedal. Lyse har vore i flytsona.
Les mer |