Laks i merd.
Norske Lakseelver krever at det ikke gis økt produksjonskapasitet i oppdrettsindustrien før miljøproblemene er under kontroll. Foto: Norsk Havbrukssenter / Flickr.
Oppdrett/Meninger

Vil øremerke fjorder til oppdrett

Kritiske merknader og krav om å ta omsyn til miljø og villfisk uroar tydelegvis Sjømat Norge med Hans Inge Algrøy i spissen, som no krev ytterlegare favorisering av oppdrettsnæringa og krev meir rom for oppdrett på bekostning av miljø og villfisk. 

Paal
Tuesday 10.May 2016 / 09:49

Allerede då regional kystsoneplan for Sunnhordland vart lagd fram , vart den av mange beskriven som ein plan for tilrettelegging og vidareutvikling av oppdrettsnæringa i området.

Forstå det den som kan, men dette er kynisk kapitalinteresse til fordel for nokre få "oppdrettsrikingar" på bekostning av alle oss andre som vert taparar. Her vert me alle tvinga til å avstå frå fellesskapets verdiar som ligg i tilgang til våre felles fjordar, sund og vikar til fordel for nokre få som nyttar areala som om dei er sine eigne private produksjonsområde.

Kven er det som styrer samfunsutviklinga, oppdrettsnæringa eller myndighetene?

Under følger er heile elveeigarlagets høyringsuttale til Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger  2014 / 11042.

Etneelva er av Stortinget utpeika som nasjonalt laksevassdrag der villaksen skal ha eit  særskild vern mot trusselfaktorar. Vassdraget har den største og viktigaste villaksstamma og den største sjøaurestamma i det omtalte planområdet.

Etneelva har ein over 130 årleg tradisjon som sportsfiskeelv og gir årlege inntekter på fleire  millionar kroner innanfor handel, servis og reiseliv osv.

Tilbakevandringa av villaks til dei vestnorske elvane er halvert dei siste 30 åra , og den negative bestandsutviklinga har også ramma Etneelva og resultert i avkorta fisketid og også stopp i fisket.

Auka sjødødelighet på grunn av problem med lakselus frå oppdsrettsanlegga i området er grundig dokumentert. I tillegg er dei negative genetiske effektane av innblanding av rømd oppdrettslaks også grundig dokumentert.

I vandringsruta til etnelaksen ligg verdas største tetthet av oppdrettsanlegg med tilhøyrande lusepress frå anlegg med landets høgaste registrerte lusemengde. Innkryssinga av oppdrettslaks er dokumentert av Havforskingsinstituttet ved DNA analysar som viser at ca. 20% av materialet er innkryssa oppdrettslaks. Oppvandringa av rømd oppdrettslaks er dokumentert sidan 1989, dei siste 3 åra gjennom det nasjonale pilotprosjektet med fiskefella, og gjennom gytefisktellingar dei siste 15 åra.

Auka sjødødelighet på grunn av problem med lakselus frå oppdsrettsanlegga i området er grundig dokumentert. I tillegg er dei negative genetiske effektane av innblanding av rømd oppdrettslaks også grundig dokumentert.

Det er grunn til å merka seg at det var forvaltninga ved Fiskeridirektoratet, Miljødirektoratet, Mattilsynet og involverte forskningsmiljø som uttrykte uro over situasjonen og som tok initiativet som førte til at Fiskeri -og kystdep.i 2008 varsla full stopp i klarering av nye lokalitetar og utviding av eksisterande lokalitetar.

Dette førte vidare til at Fiskeridirektoratet våren 2010 tok initiativet til» Nasjonalt pilotprosjek for Hardangerfjorden « og «Prioriterte strakstiltak for sikring av anadrome bestandar av laksefisk i Hardangerfjorden i påvente av langsiktige forvaltningstiltak».

I framlegget til kystsoneplan er det einsidig lagt til rette for vekst innan havbruksnæringa utan å ta omsyn til at villaks og sjøaure.

Elles er det grunn til å minna om at det i St.prp. nr. 32 (2006 -2007)  m.a. står :

  • "Regjeringen har som mål å bevare og gjennoppbygge laksebestandene"
  • "lakseressursen skal forvaltes til størst mulig nytte for samfunnet , rettighetshavere og fritidsfiske"

I 2009 la Fiskeri -og kystdep. fram « Strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring» der miljøsituasjonen i dette området vart omtalt som bekymringsfult , og der føre var og bærekraftsprinsippet må leggast til grunn.

Dette vart fylgd opp i St.mld 16 (2014 – 2015 ). Her vert det beskrive eit nytt forvaltningssystem med inndeling av kysten i produksjonsområde og oppdrettsfrie branngater. I meldinga heiter det m.a.

« For å sikre en best mulig arealmessig produktiv utnyttelse bør avgrensing av produksjonsområdene i hovudsak baseres på naturfaglige kriterier. Det er derfor ikkje gitt at en slik avgrensing vil følge etablerte administrative grenser.»

Dette betyr at ein i arbeidet med regionale kystsoneplanar må samarbeida tett med statlege myndigheter som planlegg produksjonsområda.

Etter vår meining samsvarar ikkje framlegget til kystsoneplan med Regjering og Storting sine vedtak og målsetjingar. Dagens situasjon der lakselus og rømingsproblema er ute av kontroll kan heller ikkje beskrivast som bærekraftig.

For å sikra framtida for villaksen i samsvar med myndighetene sine målsetjingar meiner me at det er avgjerande viktig å sikra vandringsruta ved mellom anna å :

  • Utvida den nasjonale laksefjorden til også å omfatta Bjoafjorden og Bømlafjorden
  • Redusera antall anlegg
  • Krevja grønne konsesjonar
  • Flytta anlegg ved reetablering eller samanslåing av konsesjonar
  • Etablera produksjonssoner og såkalla branngater som tek omsyn til villfisken
  • Auka størrelsen på sonene i luseforskrifta.

 

I siste setningen i avsnitt 3.2 står det « Laksefella i Etneelva er sentral i arbeidet med å berta tilhøva for villfisk og hindre oppgang av rømd oppdrettfisk».

Den primære oppgåva med fiskefella i Etneelva er gjenfangst av rømd oppdrettslaks , og betrar på ingen måte tilhøva for villfisk i sjøen. Det må ikkje skapast eit inntrykk av ei fiskefelle løyser problema og at det då er fritt fram for å auka produksjonen i dei nære sjøområda.

Me ber om at vår uttale vert teken omsyn til i det vidare arbeid med kystsoneplanen.