Sportsfiske/Fiskeregler

Fiskareglar Suldalslågen

Anonymous
Monday 17.June 2019 / 00:00

Fiskereglar for 2022
 

Fiskesesong

  • Laks
    • Frå og med 20. juli til og med 30. september ovanfor Sandsfossen. 
    • Frå og med 10. juli til og med 20. septembar for laks nedanfor Sandsfossen. 
  • Aure
    • Frå og med 01. mai til og med 30. september for innlandsaure ovanfor Sandsfossen. 
    • Sjøaure er freda og må straks setjast ut igjen

 

Fiskaravgift

  • Alle som har fylt 18 år må kjøpa statleg fiskaravgiftskort før fiske tek til
  • Avgiftskortet kjøper ein enkelt på nettet og kortet må ein alltid ha med seg når ein fiskar. Dette for å visa det ved ein kontroll

 

Reidskap

  • Stang eller handsnøre som ikkje skal forlatast under fiske. 
  • Ved fiske frå land er det lov å nytte til saman to agn pr. stang eller handsnøre. Ved fiske frå båt kan ein nytte inntil to reidskap pr. båt, men berre eit agn pr. stang eller handsnøre. 
  • Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje vera større enn 13 mm. For enkeltkrok ikkje større enn 15 mm. 
  • Lovlege agn er sluk, spinnar, wobblar og flue. Makk er tillete på nokre vald, andre ikkje. Kortseljar for det aktuelle valdet opplyser omdette gjeld hjå dei. Ved fiske med makk, er det berre tillete å bruke sirkelkrok. 
  • Reke og gulp er forbode. Det er også forbod mot å bruke klepp.
  • Det er kun lovleg med ein trippelkrok på sluk og wobbler.

Døgnkvote

  • Det er ingen kvote for innlandsaure. 
  • Døgnkvoten er tal på laks som kvar fiskar kan avliva kvart fiskekortdøgn. I Suldalslågen er døgnkvoten 2 fisk. 
  • All vill holaks over 75 cm er freda og skal straks setjast ut att!
  • Fettfinneklippa holaks kan avlivast som ein del av kvoten på to fisk. 
  • Kvoten er personleg og gjeld pr. fiskekortdøgn. Fisk som vert sett ut att levande og i god form blir ikkje rekna inn i kvoten. Det er ikkje lov å setja ut att død eller alvorleg skadd fisk. Når ein fiskar har nådd døgnkvoten skal fisket opphøyre. Kvoten gjeld ikkje fo laks som har uomtvisteleg ytre kjenneteikn på å vera rømd oppdrettslaks. 
  • Minstemålet for laks er 35 cm
  • Det er kun lov å avlive en villaks. Dersom den første avlivete laksen er en villaks kan fisket fortsette,men villaks må settes ut. 

 

Krokingsforbud

  • Det er ikkje lovleg å fiska på ein slik måte at fisk vert kroka. All kroka fisk skal straks setjast ut att i elva. Dersom ein krokar fisk og at dette skuldast m åten eller staden ein fiskast på, skal fisket straks ta slutt. Ein fisk er definert som kroka dersom kroken ikkje sit i eller tett attmed kjeften. 

 

Forbod

  • Det er forbod mot fiske av vinterstøing. Laks eller sjøaure som har overvintra i elva vert kalla støingar. Det er ikkje tillate å fiske vinterstøingar av lask og sjøaure. Støingar som likevel vert fanga, skal straks setjast ut, mest mogleg uskadd. 

 

Rapportering

  • All fangst skal rapporterast ( også fiske som vert sett ut att ) Rapporter fangst straks til staden du kjøpte fiskekortet. Sjøaure og vill holaks over 75 cm som er så skada at han må avlivast tilhøyrer Suldalslågen Forvaltningslag og skal leverast inn til kortseljar eller som anvist på nettsida.

 

Vill hofisk over 75 cm og sjøaure som ikkje kan setjast ut att i elva tilhøyrer Forvaltningslaget og skal innleverast ein av 2 plassar:
Klekkjeriet på Ritland, dersom det er nokon på jobb - tlf. 950 69 380 / 980 20 436
Sands Laksefiske v/ Lars Steinbru - tlf. 995 49 458

Skjellprøver

  • Det skal tas skjellprøver av all avvlivet fisk (laks, aure, pukkellaks, annen). Skjellprøvekonvolutter fås hos fiskekortselger og skal innleveres til samme.

Desinfeksjon

  • Dersom man har fisket i andre elver skal alt fiskeutstyr desinfiseres før fisket begynner.
  • Det er tre desinfiseringsstasjoner, Sand Camping, Klekkjeriet på Ritland og på Stråpa, i Suldalslågen. Alle er døgnåpne.

Sand Camping

Bergekrossen

4230 Sand 

Telefon: 95069380/998020436

Klekkjeriet på Ritland

Suldalsvegen 881

4230 Sand

 

Telefon: 95069380/998020436

 

Stråpa

Stråpavegen 25

4237 Suldalsosen

Telefon:93038192

 

 

 





LOVER OG FORSKRIFTER

LOV 1992-05-15 nr 47: Lov om laksefisk og innlandsfisk m.v.

FOR 1993-06-15 nr 532: Forskrift om fiskeravgift