Om Fisket Etneelvo

Etnevassdraget strekkjer seg frå Etnefjorden og austover med ei grein gjennom Storedalsvatnet og inn mot indre Etnefjella, og ei grein gjennom Litledalsvatnet og inn mot Sørfjellet.

Oversikt i kart
Fiksekort kan kjøpes her

Generell beskrivelse av fisket

Elva er delt i mange forholdsvis korte soner , og fisket kan i periodar vera intenst med gode fangstar. I hovedløpet er det i all hovudsak sal av døgnkort medan det i Sørelva også vert seld sesongkort over lengre strekk.  Det er meir enn 10 forskjellige private kortseljarar, men også EJFF og HOJFF har sal av døgnkort og sesongkort. Fisketida er frå 15. juni til 15.august .  Ved Etne Camping er det etablert laksebørs der fiskarane kan notera fangsten sin , og få oversikt og informasjon over fangstane i elva siste døgna.

Etter initiativ frå fiskeristyresmaktene har det dei tre siste sesongane vore i drift ei fiskefelle i nedre del av elva mellom sone to og tre. Hovedhensikten med fella er å ta ut rømd oppdrettslaks. Fella vert no vidareført av Havforskningsinstituttet , og gir daglege registreringar av fisk som passerer fella.

Fiskeregler

 Fiskereglar Etneelva 2023

 Desse fiskereglane e r fastsett av årsmøtet i Etne Elveigarlag.

 

 1. Fiske etter laks er frå: 15. Juni (00:01) til 15. August (24:00). Fiskedøgnet startar kl. 18.00 og varer til neste dag kl. 17.00. Sjøauren er freda.

2. Fiskeutstyr brukt i andre vassdrag skal desinfiserast før fisket startar.

Etne Camping har utstyr til dette, ta vare på kvitteringa som dokumentasjon.

På grunn av smittefare, er det ikkje lov å bruka slangesøkke eller flytedobbe fylt med vatn.

3. Det er berre tillate med stongfiske, stanga skal ikkje forlatast som ”Sjølvfiskande”.

I begge elvene er det lov å fiska med floge, spinner, sluk og mark, men fiskerettshavar på dei enkelte sonane kan forby markfiske.

Avstanden mellom krokstamma og krokspissen skal ikkje vera større enn 15 mm for enkeltkrok eller 13 mm for dobbel- eller trippelkrok. Ved bruk av mark skal krokstorleiken være minst 3/0.

4. Fiskaren skal bruka tang til krok og skjelprøvar, og det skal nyttast fangstnett/håv utan knutar. Bruk av klepp er ikkje tillate.

5. Laks under 40 cm og vinterstøingar skal straks setjast ut att i elva.

I heile fiskesesongen skal all villaks over 100cm lengde setjast ut att i elva.

6. Fiskarane pliktar å respektera gjeldande fiskesonar, og det er forbode å fiska nedover og oppover i neste sone.

Døgn/sonekvoten kan berre nyttast på den sona der fiskekortet gjeld.

7. Fiskaren og dei han har med seg, skal utvisa sunn fornuft og respektera næring og brukarinteresser angåande ferdsle på eigedom til og frå fiskeplassane, ikkje køyra eller gå gjennom grasbøar. Ein skal nytta tilvist parkeringsplass, rydda etter seg og forlata elva slik ein helst vil finna den.

8. Det er ikkje lov å setja opp telt utan løyve frå grunneigar.

9. Fiskekortet lyder på namn og kan ikkje overdragast til andre utan samtykke frå kortselgar. Kvittering for fiskekort og fiskeavgift til staten skal visast på førespurnad.

10. Alle fiskarar skal før fisket startar registrera 0 fangstrapport til Elveguiden (dvs. at er fisket starta utan at det er registrert fangstrapport til Elveguiden, er det brot på fiskereglane).  

All fangst også fisk som vert satt ut att, skal rapporterast på Elveguiden.no innan neste dag.

Logg på via Internett «Elveguiden.no» eller mobil App «Elveguiden». Dersom fangstrapport ikkje vert levert innan fristen, kan fiskaren bli utestengd.

Oppdrettslaks, regnbogeaure og pukkellaks vert ikkje rekna med i kvoten, men skal registrerast og takast skjellprøvar av som anna fangst.

Skjelprøvekonvoluttar er å få på Etne Camping, og dei skal leverast til kortseljar eller Etne camping.

11. Ved kjøp av fiskekort i Etne elva og Sørelva, samtykkjer fiskaren i gjeldande fiskereglar og pliktar å retta seg etter desse. Ved brot på reglane kan fiskaren, med følge, visast bort utan rett til å få tilbakebetalt for fiskekort.

12. Etter midtsesongevalueringa, kan styret i Etne Elveigarlag, i samråd med Statsforvaltaren i Vestland, gjennomføra førehandsavtalte tiltak.

Til dømes endring av størrelse på fisken som skal setjast ut att , endring av fangstkvotar, eller stoppa fisket.

13. Fangstkvotar er i år justert ihht anbefaling frå Miljødirektoratet. Fangstkvotar er fordelt på fiskerettshaverar/sonar etter andeler. Dvs. at alle sonar har individuelle fangstkvotar og det er fiskerettshavars ansvar å formidla fangstbegrensning til kjøpar av fiskekort.

Når fangstkvoten for sona er landa, skal alt fiske opphøyra for inneverande døgn, også «fang og slepp». Det same gjeld for sesongkort, er fangstkvoten for sesongen landa, skal alt fiske opphøyra for inneverande sesong, også «fang og slepp».

Fisk som etter reglane skal setjast ut att, men som er så skada at den må avlivast, tilfelle fiskerettshavar. Slik fisk reknast som ein del av kvota.

Midtsesongevaluering

Elva er pålagd midtsesongevaluering som vert gjennomført 15. juli. Forhåndsavtalte tiltak som til dømes fangstbegrensingar og gjennutsetjing kan då bli gjennomførte dersom situasjonen krev det. Sjå nærare i fiskereglane som kvar fiskar får ved kjøp av fiskekort.