Fluefiske i sone 22 i Etnelva i 2009.

Elva vår

Etnevassdraget strekkjer seg frå Etnefjorden og austover med ei grein gjennom Storedalsvatnet og inn mot indre Etnefjella, og ei grein gjennom Litledalsvatnet og inn mot Sørfjellet.

Les mer

Nedbørsfeltet er på 252 km3., og elvearealet er på ca. 330 000 m3.

Elva frå Storedalsvatnet og til samløpet ver kalla Nordelva , medan elva frå Litledalsvatnet til samløpet vert kalla Sørelva. Vidare nedover til fjorden vert elva gjerne kalla Etneelvo på den lokale dialekten.

Sørelva er regulert medan Nordelva er uregulert. Gjennomsnittleg vassføring i nedre del av elva er på 22m3./sek.

I Nordelva er det to markerte fossar med Torefoss lengst nede og Håfoss med laksetrapper i øvre delen mot Storedalsvatnet. I Sørelva er det også ein markert foss , nemleg Fossafossen.

Etneelva er eit av landets nasjonale laksevassdrag ,  og vart varig verna frå kraftutbygging i 1994.

Frå utløpet av dei to vatna og til fjorden er det mulig å fiska på om lag 13 km. elvestrekkning.

Gytebestandsmålet for vassdraget er på 1025 kg.holaks. Den årlege fangsten låg i mange år på om lag 4 tonn , og gjennomsnittslaksen er på ca. 4,5 kg. Kvart år vert det også teke enkelte store fiskar på 12 til 14 kg.  Etneelva er dessutan ei god sjøaureelv.

Etneelva vert rekna som ei av dei beste lakseelvane på Vestlandet. På grunn av svært negativ bestandsutvikling valde elveigarlaget på eige initiativ å stenga elva for fiske i 2010. I fire av dei seks siste åra har elva vore stengd. Utsiktene er no betre , og me har vald å opna for eit forsiktig fiske med klare fangstbegerensingar frå i år.

Etne Elveigarlag er organisert i samsvar med forskrifta om pliktig organisering og felles forvaltning , og utøver sokalla driftsplanbasert lokal forvaltning.

Kjøretida med privatbil frå Oslo til Etne er om lag  7 timar, frå Stavanger 2,5 timar , frå Bergen 3,5 timar og frå Haugesund Lufthavn 1t. 15 min. Her er fleire overnattingsmuligheter som t.d. Fugl Fønix Hotell,  Etne Camping og Skånevik Fjordhotell.

Me ynskjer deg velkommen til Etne og til elva vår, og håpar du vil finna deg vel til rette og får ei oppleving du og din familie eller fiskekameratar vil minnast. Du er alltid velkommen attende til Etne.

 

Om elveeierlaget

Etne Elveeigarlag er eit forvaltningslag og eit sameige mellom fiskerettshavarane i Etneelva og har som formål felles utnytting av fiskeretten og fiskeressursane i samsvar med forskrift om felles forvaltning.

Les mer