Bøe

Bø fiskevald ligg ca. 10 km oppe i dalen frå Lærdalsøyri. Valdet ligg på Ljøsne, ta av E-16 ved Joker på Ljøsne og køyr over Bøabrui, deretter ta til høgre og køyr 500 m nedover i dalen. Fiskehytta ligg fint til ved elva. Se Fiskekort eller "Pakker" for produkter.

 

Hytten med elv.

Beskrivelse av elva:

Utleigeelva utgjer ei elvestrekning på ca.900 meter som går nedstrøms frå Bøabrui og ned til Grøtte. Elvestrekningen har 8 hølar som alle er eigna for flugefiske. Alle hølane er fiskbare frå begge sider av elva.

Utleigehytta:

Utleigehytta vart oppført på slutten av 1970-talet og er ca. 70 kvm, i tillegg er det eit anneks. Hytta inneheld stove/spisestove, fullt utstyrt kjøken, bad med dusj/wc og 3 soverom. I alle soverom er det plass til 2 stk.(køysenger). I tillegg er det plass til 2 stk. i annekset(køyseng). Det er innlagt fiber(internett og GET tv-pakke). Utanfor hytta er det platting med utepeis/grill.

Contact
  • Navn: Hallgeir og Ingebrigt Bø / Bjørnar Neteland Elveguiden
  • E-post: ystabo.gard@gmail.com
  • Lenke: Link to Elveguiden