Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev

Bøe

Bø fiskevald  ligg ca. 10 km oppe i dalen frå Lærdalsøyri. Valdet ligg på Ljøsne, ta av E-16 ved Joker på Ljøsne og køyr over Bøabrui, deretter ta til høgre og køyr 500 m nedover i dalen. Fiskehytta ligg fint til ved elva.

Utleigemåte:

Elva vert utleigd til grupper på 4 – 6 stk.  i ei veke. Utleigesesongen for fiske startar når sesongen startar. Overnatting i hytte som ligg ved elva.  

Beskrivelse av elva:

Utleigeelva utgjer ei elvestrekning på ca.900 meter som går nedstrøms frå Bøabrui og ned til Grøtte. Elvestrekningen har 8 hølar som alle er eigna for flugefiske. Alle hølane er fiskbare frå begge sider av elva.

Utleigehytta:

Utleigehytta vart oppført på slutten av 1970-talet og er ca. 70 kvm, i tillegg er det eit anneks. Hytta inneheld stove/spisestove, fullt utstyrt kjøken, bad med dusj/wc og 3 soverom. I alle soverom er det plass til 2 stk.(køysenger). I tillegg er det plass til 2 stk. i annekset(køyseng). Det er innlagt fiber(internett og GET tv-pakke). Utanfor hytta er det platting med utepeis/grill.

 

Pris/Utleigevilkår:

Etter avtale. Betaling skjer seinast 1 månad før ankomst.

Bøe Lærdalselva