Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev

Fiskeregler Lærdalselva

Fiskeregler Lærdalselva

Fisketider

Laks

Laks: 
fra 1. juni til 31. august

Ørret

Ørret: 
fra 1. juni til 31. august

Fiskereglar for 2019 vedteke: 

PDF: PDF icon fiskeregler_laerdalselva_2019.pdf

Midtsesongevaluering med forhåndsavtalte tiltak skal gjennomførast før 10. juli og kan medføre ytterlegare avgrensingar av fiske/stopp på fiske før avtalt tid.

Framleige:

Etter forskrifter om framleige av fiskerett av 25/6 1993, er framleige, altså vidareutleige av leigd rett, ikkje tillatt, då likevel med unntak som går fram av forskrifta.

Lokale Fiskereglar for 2019 vedteke av eleveeigarlaget:

Stamfiske

Stamfiske finn stad 17. og 18. juni nedstrøms merket mellom Voll og Nedre-Voll (Prestegardsretten) og 19. og 20. juni oppstrøms dette merket. Desse dagane må elva på dei aktuelle strekningane vere eksklusivt og fullt ut disponible for stamfiske.

Laksefiske, reiskap:

Det er kun tillete å fiske med fluge der flugelina utgjer kastevekta i heile elva i heile fiskesesongen. Det er ikkje tillete å fiske med dobb og fluge.

Laksefiske, uttak:

All holaks er fredet og skal gjenutsetjast. Ved tvil om kjønn, skal laksen setjast ut att. All laks som blør fra gjellene etter kroking, eller er skadet på annen måte, skal avlivast. Holaks som må avlivast på grunn av skade, eller blir avlivet med overlegg, skal rapporteres straks og innleverast til elveeigar. Laksen skal ikkje leverast attende til fiskar.

Døgnkvote per fisker per døgn er en hannlaks. Fisket må avsluttast den aktuelle dagen for fiskar som fanger og avlivar laks. Dette gjeld også ved fangst av laks som må avlivast på grunn av skade (blør fra gjellene).

Sjøaurefisk, reiskap:

Det er kun tillete å fiske med fluge der flugelina utgjer kastevekta i heile elva i heile fiskesesongen. Det er ikkje tillete å fiske med dobb og fluge.

Sjøaurefiske, uttak:

Uttaket skal avgrensast til fisk mellom 45 cm (ca 1,2 kg) og 60 cm (ca 2,5 kg). All sjøaure som blør fra gjellene, skal avlivast. Sjøaure som må avlivast på grunn av skade eller ved overlegg, og som er utanfor angitt storleik som kan uttakast, (jf. ovafor), skal rapporteres straks og innleverast til elveeigar. Sjøauren skal ikkje leverast attende til fiskar.

Desinfisering:

Alt fiskeutstyr skal desinfiserast både før og etter fiske. Den einskilte sameige / elveeigar har ansvaret for å ha tilgjengeleg desinfiseringsutstyr for fiskarar, eventuell avtale med andre elveeigarar som har slikt utstyr. Desinfiseringa skal skje under oppsyn av elveeigar sjølve eller ein eigarrepresentant. Sameige eller elveeigar har ansvaret for at det blir ført skrifteleg oversikt over dei som får gjennomført desinfisering på eige skjema eller i Scanatura via fiskernummer. Etter desinfisering skal kvar fiskar få med eit bevis på at desinfisering har funne stad, enten skrifteleg eller digitalt i Scanatura. Ver merksam på at elveeigar og fiskar må kunne framvisa dokumentasjon/bevis ved kontroll.

Registrering og Rapportering:

Elveeigar/sameige har ansvaret for at alle fiskarar er registrert i Scanatura (Inatur) FØR vedkommande fiskar startar fisket, og å påse at all fangst vert registrert fortløpande. Registrering og rapportering skal i 2019 skje etter samme system og framgangsmåte som tidlegare år.

Fiskar plikter å rapportere alle fangstar straks og uten unødig opphold, etter landing eller gjenutsetjing, direkte sjølve i Scanatura eller med hjelp fra elveeigar/utleigar. Spesielt viktig er dette ved fangstar som vert avliva.  Ved kontroll, vil avliva laks som ikke er rapportert, kunne medføre sanksjoner.

Fisketrygdavgift/kontroll

Elveeigar/utleigar må kontrollere at fisketrygdavgift for anadrome laksefisk er betalt før fisket startar opp.

Gyldig kvittering må takast med under fiske. Det vil bli gjennomført oppsyn med kontroll både om denne avgifta er betalt og om reglane om fiske elles vert følgde.

Lærdal, 22.05.2019

Lærdal Elveeigarlag v/ Ola Petter Bøe, styreleiar.