Hauge

Hauge ligg ca. 3,5 km opp i dalen frå Lærdalsøyri. Ta av E-16 mot sjukehuset og følg Fv. 271 oppover i dalen ca. 1,5 km.

Hauge

 

Utleigemåte:
Elva vert utleigd til grupper på inntil 5 fiskarar i periodar på 3 til 7 døgn. Eit utleigehus føl med som ein del av utleigeforholdet.  

Beskrivelse av elva:
Utleigeelva utgjer ei elvestrekning på ca.1,1 kilometer der ein på ca. 900 m. kan fiske kvar dag fr begge sider, mens resten annankvar dag. Strekningen består av 8 hølar som alle er eigna for flugefiske. Alle hølane ligg med gangavstand frå utleigehuset.

Utleigehuset:
Utleigehuset er på 1 plan med uteplass som ligg i forbindelse med Hauge Gard. Huset inneheld stove med spisebord, kjøkken, dusj/wc, 3 soverom og bod med 1 soverom. I eit av soveromma er det dobbeltseng, eit med to separate senger og eit med enkeltseng. Boden har ei køyeseng.