Mo

Mo-retten ligg 7 km opp i dalen frå Lærdalstunellen. Avkjørsle til fiskarhuset frå E-16 ved Saltkjelen bustadfelt.

Elva vert utleigd til grupper på inntil 6 fiskarar i periodar opptil 1 veke.

Utleigesesongen for fiske startar 10.juni. Eit utleigehus føl med som ein del av utleigeforholdet.

 

Beskrivelse av elva:

Utleigeelva utgjer ei elvstrekning på ca.1,5 kilometer med fiske frå begge sider av elvi. Elvestrekninga ligg fint til omgitt av kulturbeite og skogsområde og er godt skjerma frå bebyggelse og  trafikk. Det er ca 11 hølar som er egna for flugefiske alt etter vasstand i elvi. Dei fleste hølane er tilgjengelege frå begge sider. Det er ei hengebru over elvi som bind begge sider saman.

Utleigehuset

Utleigehuset er eit hus som vart bygd for fiskarar i Mo-retten på starten av 1900 talet og ligg i utkanten av Saltkjelen boligfelt. Huset er på 150 m2 og har kjøkken, 2 stover, 7 soverom med 10 sengeplassar og 2 bad

Pris/ Utleigevilkår                      

Etter avtale.