Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev

Nordre Bjørkum

Bjørkum Nordre ligg ca 16 km aust for Lærdal sentrum. Følg E-16 til skilt Bjørkum og arkeologiske funn.  Sving høgre frå Bergen,  eller venstre frå Oslo, og inn på gamle vegen.  Etter 200m  er du framme.

Strekningen for laksefiske er ca 300m lang. Ein lang høl. Stri straum og korte kast i toppen. Etter ca 40 m roar elva seg og vert breiere.
Står nede ved elvebredden i toppen.  Vidare nedover kan ein og stå i gamle vegen. Max 2 stenger.  Sesongen starter vanligvis ca 20/6. Men og mogeleg frå ca 10/6. Strekningen for aurefiske er ca 600m lang. Går på elveforbygginga, store steinar.
Motfiske.

Nordre Bjørkum Lærdalselva

Nordre Bjørkum Lærdalselva