Dronninga blant lakselvar

Vakkert og vilt i Sogn

Lærdalselvi blir ofte kalla ”Dronninga blant lakseelvar”. Dronningnamnet kjem nok av at at Kong Harald  fiska i elvi frå han vart 14 år gamal og både Kongen og Dronning Sonja har vore faste gjester i  dei fleste åra det har vore fiske i elvi.

Les mer

Lærdalselvi har sitt utspring på Filefjell og Hemsedalsfjellet der Austlandet møter Vestlandet og ligg fullt ut i Lærdal kommune. Elva svingar seg nedover Borgund og Lærdal gjennom tronge juv, og over flate elvesletter, før ho til slutt renn ut i Sognefjorden ved Lærdalsøyri. Elvi er i dag lakseførande dei nederst 25 kilometerane, men det er bygd laksetrapper, slik at laks og sjøaure kan gå 17 km. lenger opp i vassdraget.  Det er også fjellaure i varssdaget, då hovudsakleg i ikkje lakseførande del av elva.

Utleige av laksefiske i elvi  har sin historie heilt tilbake til ca. 1850 og  har sett sine spor i bygdi med utleigehus/hotell og klepparmiljø.  På -70 og -80 talet var  snittfangstar på 6 – 8 tonn laks pr. år , med toppår på over 20 tonn. Lærdalselvi er og ei god sjøaureelv, men det er først dei siste åra ein har fått pålitelege fangstattestikkar for sjøaure.

 I 1996 vart det oppdaga at Lærdalselvi var infisert av parasitten gyrotactilus salaris. Laksetrappene i elvi vart då stengde for å  avgrense spreiningfaren til øvre del og vil tidlegast bli opna att når elvi vert friskmeldt. Elvi har vore behandla med både rotenon og aluminiumsulfat, sist i 2011/2012, då   hovudsakleg med aluminiumsulfat . Elva vart friskmeldt hausten 2017. Deler av nedslagsfeltet er utbygd for kraftproduksjon. Det er Østfold Energi AS som er utbyggjer og drivar av kraftanlegget.