Seltun

Seltun Gard ligg 18 km. oppe i dalen rekna frå Lærdalsøyri og ligg ved E-16 med avkøyrsle frå E-16 til garden 100 meter aust for Seltun bru.

Utleigemåte:

Elva vert utleigd til grupper på inntil 4 fiskarar i periodar på 3 til 5 dagar.

Utleigesesongen for fiske startar 15.juli. Eit utleigehus føl med som ein del av utleigeforholdet.  

Beskrivelse av elva

Utleigeelva utgjer ei elvstrekning på ca.1,2 kilometer med samla 9 hølar som alle er eigna for flugefiske.  5 av hølane er disponible for fiske frå begge elvebreidder.   4 av hølane er er disponibel for fiske frå ei elvebreidde og det kan  vere motfiske frå andre elvebreidda . Dei 6 nederste hølane ligg ikkje langt frå utleigehuset og er lett tilgjengeleg over innmark medan dei 3 øverste hølane  har  tilkomst frå nedlagt riksveg på steinfylling og har meir utfordrande tilkomst

Utleigehuset

Utleigehuset er eit restaurert  gardshus frå 1830 talet på 65  kvm. i 1 ½ plan  med veranda med utsikt mot elva. Huset innheld stove, spisestove, fullt utstyrt kjøken,  bad med dusj/wc og 4 soverom. I eitt av soveromma er det dobbelseng. Dei andre soveromma er små og ikkje eigna for meir enn ein person.

Pris/ Utleigevilkår

Etter avtale. Betaling skjer  seinast 1 veke før ankomst.