Stauri, Gjørven og Øvreeide

Her er elva på sitt desidert smalaste. Tidlegare vart det utnytta til laksegardar - ein effektiv fiskereidskap. I dag står berre ein att.  Ved elva på Stauri ligg laksevillaen "Lysvoll" som vart bygd av Sivert Jonson Stauri i 1892 for utleige til rike laksefiskarar. Britisk overklasse, amerikanarar med pengar på bok og kongelege har budd på Lysvoll.  

Mykje historie knytt til Lysvoll og dei som har budd og fiska her. I elva ligg hølane tett, og det gjer også plattingane. 

Rett over elva for Lysvoll ligg "Krokodilla" ein jarn-skulptur som eigentleg minner meir om ein drage. Ut av gapet på denne flommar det frisk vatn.  Dette var ei gåve frå ein av dei som budde på Lysvoll. Det seiest at enkelte av bebuarane på Lysvoll var overbeviste om at vatnet på nordsida var det beste som toddyvatn. Dermed måtte dei stakkars tenestejentene over elva etter vatn...   

Mange av hølane i denne delen av elva har namn etter fiskarar som har leigd og fiska her; Hooper (Hoopers pool), Bromma, Kapteinen, Cowan. Kaptein James Cowan frå Skottland hadde den første kontrakta om fiskerettane i elva, tinglyst 24. august 1861.

Klikk her for meir info om hølane i elva