Stryneelva

Uttrykket ”Fagre Stryn” er udødeliggjort gjennom musikken til Per Bolstad. Men alle som har besøkt dette vakre stedet i Nordfjord, og levd noen deilige sommerdager her, vil for alltid ønske seg tilbake til dette fantastiske stedet.

Oversikt over soner finner du her
Fiskekort kan kjøpes hos disse på denne lista. 

Generell beskrivelse av fisket

Om Stryneelva er frå gammalt av kjend for å ha flott laks og sjøaure, og mange britiske lordar har fiska her. Rekorden i elva er ein laks på 29,5 kilo, fiska av Johan Gjørven tidleg på 1900-talet.

Fiskeregler

Fisketider

Laks: fra 15. juni til 15. august

Midtsesongevaluering

Fra 15. juli - 0:00 til 15. juli - 15:15

Fiskereglar for Stryneelva for vedtatt av årsmøtet i Stryn Elveeigarlag, gjeldande for heile elva

  • Fiske etter aure er ikkje tillat.
  • Laks over 75 cm lengde og all aure er freda.
  • Døgnfredning: 01.00 til 04.00 og 13.00 til 16.00.
  • Fiskereiskap i juni: Fluge.
  • Fiskereiskap i juli og august: Fluke, sluk, mark (sirkelkrok).
  • Fiskereiskap på Soget: Fluge, maks krok 6, heile fiskesesongen.
  • All bruk av klepp er forbudt. Maks 1 trippelkrok per reiskap.
  • 1 laks per døgn, 2 laks per veke (under 75 cm).
  • Aure er freda og skal gjenutsetjast.

Forvaltningsreglar

  • Fiskekort er personleg (kun ein fiskar per stang/fiskekort)
  • Det er forbode å oppbevare fiskeutstyr ved elva som ikkje er foreinleg med det fisket som skal utøvast ved elva.
  • Frå Rise nedover gjeld kun nattfredning.
  • Skada fisk skal ikkje gjenutstjast. Dersom freda art vert slakta skal dette meldast til Fiskeoppsynet på tlf 900 75 191 snarast. Slik fangst er elveeigarlaget sin eiendom.
  • Oppdrettslaks skal slaktast. Slik fangst skal rapporterast til Stryn Elveeigarlag snarast mogleg. Elveeigarlaget vil registrere og dokumentere fangsten.
  • For rapportering eller varsling kontakt Fiskeoppsynet (Rune Bøe) på tlf. 900 75 191.

Fiskaren plikter å

  • Følgje fiskereglane for Stryneelva.
  • Registrere og rapportere all fangst innan 24 timar (både slakta og gjenutsett) på Elveguiden.
  • Ta skjellprøver av all slakta fisk etter retningsliner for skjellprøvetaking.
  • Orientere seg om rutinar for gjenutsetjing (info finns på lakseelver.no).
  • Registrere og rapportere fisk som er sterkt angripen av lakselus. 

Grunneigar pliktar å informere fiskarane om gjeldande fiskereglar.

Fisketid:

Det er tillatt å fiske etter laks i perioden f.o.m. 15. juni t.o.m. 15. august. Alle fiske etter aure er forbudt i sesongen 2019. Det er innført døgnfreding i følgande periodar: frå kl 01.00 til 04.00 og kl 13.00 til 16.00. For Rise og nedover elva gjeld kun nattfreding.

Fiskereiskap

Til fangst av anadrom laksefisk er det berre tillate å bruke stang. Det kan berre brukast ei stang per person, eit snøre per reiskap og eit agn per snøre. Reiskapen skal ikkje forlatast under fiske. Som agn er det berre tillate å bruke fluge, sluk og naturleg mark. Fiske med reke eller kunstig mark er forbode. Ved innførsel av naturleg mark til Noreg må nasjonalt regelverk følgast.

Til markfiske tillatast kun bruk av sirkelkrokar. Det skal ikkje nyttast agn med meir enn til saman tre enkeltkrokar eller ein trippelkrok. Avstanden mellom krokstammen og krokspissen skal ikkje vere større enn 13 mm, for enkeltkrok ikkje større enn 15 mm. Ved bruk av fluge som agn skal flugesnøret eller dupp utgjere kastevekta. Bruk av søkke er berre tillate ved fiske med mark. Ved fiske med dupp skal duppen flyte på overflata. Det er forbode  å fiske på ein slik måte at fisken sannsynlegvis vil krokast.

Naturlig mark = biologisk mark, eksempelvis meitemark. Kunstig mark = teknisk produsert mark, eksempelvis Gulp.

Fiske med sirkelkrok

Ved fiske med mark i Stryneelva tillatast kun bruk av sirkelkrokar. Krokingseigenskapane for denne typen krokar er gode. Kroken vil som oftast feste i fisken si "munnvik" og slik minske skadar på fisken samanlikna med bruk av tradisjonelle "J- kroker"Fiske med sirkelkrok krev ein litt annleis måte å "sette" kroken på enn det ein kanskje er vant til ved bruk av "J-krok". Løft stangtuppen roleg slik at sirkelkroken får tid til å "leite" opp munnviken. Dette gjer at ein minskar faren for kroking djupt nede i svelget med påfølgande skade på fisken, og det letter gjenutsetting av fisken.

Faren for å få krokingsskadar i svelget på fisken er avhengig av utforminga på kroken. Dess større vinkel krokspissen har ut frå krokstammen, dess større er faren for djup kroking i svelget, med påfølgande skade på fisken.

Sirkelkrokar er "størrelseselektive", dvs. at størrelsen er viktig for krokingseigenskapane. For at kroken skal kunne feste må fisken få heile kroken inn i munnen. Ein tilrår difor å nytte mindre krokstørrelsar enn ved bruk av tradisjonelle krokar. Hugs å klemme inn mothaken på kroken.

Fangstkvotar

Kvote for avliva laks under 75 cm er maksimalt 1 stk pr døgn og 2 stk pr veke. Kvoten gjeld for den enkelte fiskar og kan ikkje overførast til andre. Døgnkvoten er definert som det tal laks ein person samla kan avlive i løpet av eit døgn (fiskedøgnet). Fiskedøgnet følger døgnoppføringa på fiskekortet (for vekekort og sesongkort følgast datodøgnet). Når døgnkvoten er nådd, skal alt fiske avsluttast inntil nytt fiskedøgn starter. Vekekvoten er definert som det tal fisk ein person samla kan avlive i løpet av ei veke (fiskeveke). Fiskeveka følger vekeoppføringa på fiskekortet. For sesongkort følgast vekenummeret.

Maksmål og gjenutsetting

All laks over 75 cm og all sjøaure skal settast levende ut at. Vi oppmodar om at all gytefarga laks settast levande ut. Er ein i tvil om fisken vil overleve ein eventuell gjenutsetting skal fisken avlivast og innleverast. Fisken går ikkje på kvoten når den er stadfesta innlevert. Levande gjenutsatt fisk reknast ikkje med i kvoten. Gjenutsetting av fisk skal skje skånsamt og i tråd med Stryn elveeigarlag sine retningsliner.

Fangstrapportering

All fisk skal innrapporterast  fortløpande elektronisk til Stryn Elveeigarlag i gjennom heile sesongen så snart som mogleg og seinast same døgn. Dette gjeld og gjenutsatt fisk. Alle fangstopplysningar vil bli publisert på lakseelver.no/nb/elver/stryneelva. Det skal takast og innleverast skjellprøver av all avliva laks. Klikk her for å rapportere. 

Regulering av fiske på Soget

På Soget er det berre tillate med lett fiske. Lett fiske er flugefiske med maks storleik 6 og flugesnøret skal utgjere kastevekta. Søkke er forbode.

Gytebestandsmål

Innan 15. juli skal ein foreta ei bestandsvurdering med sikte på å sette i verk ekstraordinære tiltak dersom det er fare for at gytebestandsmålet ikkje vil bli nådd.

Sanksjoner ved brot på reglane

Brot på  fiskereglane er straffbart, jfr. Lov om laksefisk og innlandsfisk. Overtredelse vil føre til øyeblikkelig inndraging av kortet og utelukking frå alt fiske i Stryneelva. Eigar/ utleigar / kortselgar har plikt til å orientere om det gjeldande regelverk i elva, og å kontrollere om fiskaren har løyst Fiskeravgift.​

Midtsesongevaluering

Midtsesongsevaluering gjennomføres per 15.juli