Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Cloudy
6 °C
1.8 m/s
42.7m3

Storlaks mellom fjell og fjord

Anadrom del av Vossavassdraget som starter ved Bolstadfjorden i vest utgjer ein strekning på meir enn 35 kilometer austover og inn i Hordaland fylke.

vosso_fiskepositur2_skarp.jpg

laks fra vosso
En flott laks fra Vosso. Foto: Hans Kristian Krogh-Hansen

Langs dette vassdraget ligg Bolstadelva (3,5km), Evangervatnet (7km), Vosso (10km) og Vangsvatnet (10km). Vidare går elvestrengen forbi Voss sentrum og opp i Strandaelva og Raundalselva. «Ljono» som er nedre del av Bordalselva mùnnar ut i Vangsvatnet og høyrer også til anadrom del. Teigdalselva som er eit sideløp til hovedvassdraget blir og å rekne som ein del av Vossavassdraget. Denne elva går ca.10km nordover og har sitt utløp i Evangervatnet.

Med unntak av elvestrekninga oppstraums Voss sentrum og Ljono er rettigheitshavarane organisert gjennom  ulike elv- og grunneigarlag, men alle er ei del av fellesforvaltninga som er organisert som Vossavassdraget forvaltningslag SA. Dette laget omfatter ca.290 rettigheitshavere.

For fiske i Bolstadelva eller Vosso, klikk deg vidare på menyvalga på toppen.