Klima- og miljødepartementet
Det overordna ansvaret for villaksforvaltninga er lagt til Klima- og miljødepartementet. Departementet skal sørgje for at regjeringa sin politikk blir sett ut i livet. Dei viktigaste verktøya for å oppnå dette er budsjett, lovverk og langtidsplanlegging.
Paal
fredag 26.juni 2015 / 10:45
I tillegg til lakse- og innlandsfisklova har Klima- og miljødepartementet hovudansvaret for naturmangfaldlova og vassdragsforskrifta.
Vassdragforskrifta og naturmangfoldlova
Vassforskrifta vart vedtatt i 2006 og er kopla opp mot EUs rammedirektiv for vatn. Den skal bidra til rammer og miljømål som sikrar heilskapleg vern og berekraftig bruk av vassressursane.
Naturmangfaldlova vart vedtatt i 2009, og gir reglar og retningslinjer for heilskapleg bruk og vern av biologisk mangfald.
Offentlege utgreiingar og proposisjonar
Prinsippa for langsiktig planlegging og forvaltning av villaksen er i tillegg til lovverket nedfelt i offentlege utgreiingar og proposisjonar som Stortinget tek stilling til.
I 2003 og 2007 vedtok Stortinget til saman 51 nasjonale laksevassdrag (NLV) med tilhørande fjordavsnitt – nasjonale laksefjordar (NLF). Hovudprinsippa for forvaltning av desse vassdraga og fjordane vart lagt fram i Stortingsproposisjon nr. 32 (2006-2007) Om vern av villaksen og ferdigstilling av nasjonale laksevassdrag og laksefjorder.
Eit viktig prinsipp er at omsynet til villaksen skal ha særleg vern i desse områda, mellom anna er det avgrensingar og spesielle reglar knytte til vassdragsinngrep og fiskeoppdrett.
Delegeringar frå Klima- og miljødepartementet
Dei fleste praktiske forvaltningoppåvene som gjeld villaksen er delegert til Miljødirektoratet. Fylkesmannen og kommunane har også vesentlege forvaltningsoppgåver når det gjeld laks, sjøaure og sjørøye. I 2010 overtok fylkeskommunane ein del av innlandsfiskforvaltninga.
Klima- og miljødepartementet har eit spesielt ansvar for å følgje opp internasjonalt arbeid og avtalar.
Kilde: Miljødirektoratet.