Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev

Månas forkjemper

Åge Wold var andre mann i lederstolen i Norske Lakseelver. Han har markert seg som en talefør og utholdende forkjemper for villaks og sjøørret.

Åge Wold
Åge Wold fra Måna var leder i Norske Lakseelver fra 2000 til 2010. - Foto: Hans Kristian Krogh-Hansen

Hva var det som gjorde at du ble engasjert i villaksforvaltning og villakspolitikk ?

I mi barne- og ungdomstid var det i heimbygda Måndalen få fritidstilbod for den oppveksande slekt, men friluftsliv, jakt og fiske hadde vi rikeleg tilgang til. Og ettersom eg vaks opp ved bredden til Måna den gongen ho var ei rimeleg god aure- og smålakselv, var det ikkje so rart at interessa for elvefisket tidleg blei vekt.

Den gongen var fisket i Måna nærast lovlaust. Kven som helst kunne rusle til elva med fiskestonga si, utan å spørje og utan å betale ei krone. I 1960-åra tok eg difor initiativ til og fekk skipa Måna elveeigarlag, der eg med eit kortare opphald har site som leiar heilt til i dag.

Det fantastiske fisket i mange elver i Romsdalen og på Sunnmøre i 1960 -70 åra fortalde meg at her låg ein stor ressurs som var altfor dårleg utnytta av rettigheitshavarane. Og då tilbakegangen kom dei neste ti-åra, til dels av menneskeskapte årsaker, sakna eg ein sterk landsdekkande organisasjon som kunne tale vår og villaksens sak.

Difor engasjerte eg meg i stiftinga av NL, der eg sterkt understreka at det var viktig for suksessen at vi også fekk med dei mange små og mellomstore lakseelvene. Delvis som talsmann for desse kom eg med i styret frå starten av.

Hva var de viktigste sakene under din periode som styreleder ?

Mange av dei store, tunge sakene vi starta på i Bjørn Moes leiartid, måtte vidareførast i min periode.

I utgangspunktet var, og er, NL ein næringsorganisasjon, men problem med sure vassdrag, gyro, lakselus og rømt oppdrettsfisk gjorde at vi også i mi leiartid brukte store ressursar på biologiske og økologiske problem. Å få politikarar og myndigheiter til å forstå faresignala og handle deretter, var ein seig og tidkrevjande prosess.

For å lykkast, eller i det minste komme vidare, i denne kampen, var det nødvendig å få politikarane til å sjå verdien av elvefisket, både den økonomiske for heile bygdesamfunn og den rekreasjonsmessige for store folkegrupper. Det kravde mange møte og diskusjonar.

For å få større gjennomslagskraft såg eg klårt fordelen ved å ha eit godt forhold til og samarbeid med sportsfiskarane, først og fremst representert ved Norges Jeger- og Fiskerforbund. Spesielt i startfasen av NL, var det litt tilspissa frontar mellom NJFF og oss, og for meg var det viktig å endre dette, til nytte og glede for begge partar.

Ved sida av alle desse oppgåvene var det viktig å jobbe bevisst for at NL skulle bli den store, seriøse og innflytelsrike interesseorganisasjonen i villaksforvaltninga, ein organisasjon myndigheiter og politikarar tok på alvor, spurde til råds og lytta til. Dette arbeidet har vel pågått meir eller mindre heilt frå starten, då vi blei møtt med både skepsis og kritikk, og fram til i dag når ingen sentral politisk gruppering eller myndigheit tør halde oss utanfor i store, viktige villaksspørsmål. I alle fall la eg sterk vekt på dette i mi leiartid.

Hva er du mest fornøyd med?

Somme store oppgåver som eg brukte utruleg mykje tid og energi på, er framleis uløyste. Eg tenkjer på oppdrettsrelaterte problem, som lakselus og rømming/genblanding. Men eg trur nok at arbeidet vårt trass alt har hatt ein viss verknad, slik at både myndigheitene og folk flest i dag er meir opptekne av problema enn før.

Det vi derimot lykkast med, var å få til ein vesentleg auke av bevilgningane til gyrobekjemping og å halde oppe bevilgningane til kalking. Der førde vi saman med NJFF ein knallhard kamp, og når vi i dag ser på sørlandselvene, kan vi berre slå fast at kalkinga har vore ein kjempesuksess, og so langt ser det også ut til at gyrokampen skal lykkast.

Som allereie nemnt er eg også glad for at vi fekk til eit godt og respektfullt samarbeid med NJFF, trass i at vi i somme saker naturlegvis hadde, og har, ulike interesser og standpunkt.

Vidare tør eg hevde at vi greidde å etablere eit nært og godt, men profesjonelt, forhold til Direktoratet for naturforvaltning (som det heitte den gongen), til stor nytte for villakssaka.

Det skal heller ikkje gløymast at vi i mi leiartid starta ein prosess med administrativt å styrke NL. Frå å vere ein organisasjon med ein dagleg leiar på deltid og ein styreleiar som, fordi han pensjonerte seg tidleg, kunne bruke mykje tid på idealistisk arbeid, so er NL i dag blitt ein slagkraftig organisasjon med 4-5 personar i staben. I den samanheng rosar eg meg sjølv for at eg då vår dyktige daglege leiar, Finn Erlend Ødegaard, slutta, var sentral i tilsettinga av Torfinn Evensen og seinare Erik Sterud, som begge fram til i dag har gjort ein formidabel jobb.

Hvilken betydning har NL hatt for villaksen og elveeierlagene ?

I den kritiske situasjon villaksen er i i dag, og med eit styresett der marknadskreftene og pengane i den grad styrer utviklinga, er sterke organisasjonar som talar villaksens sak, heilt naudsynt. Utan NL og NJFF ville situasjonen utan tvil vore endå verre enn han er, og utsiktene til betring endå dårlegare.

Og eg kan ikkje tru anna enn at dei mange utspel, idear, forslag til aktivitetsheving og næringsutvikling, samt konkrete mønsterplaner for drift og forvaltning, etc. har vore nyttige for dei fleste medlemslag.

Men viktigast er kampen som NL kjempar for sjølve laksen. Den nyt alle godt av. Det er berre synd at so mange vassdrag og elvelag ikkje er medlemmer. Dei er nissar på lasset, som haustar der andre sår.

Hva tenker du om fremtiden for villaksen ?

Eg er nøydd til å vere optimist, elles hadde eg gjeve opp kampen for lengst. Men når eg ser kor sakte somme ting går, blir eg til tider litt deppa.

I starten av mi leiartid gav eg på ei stor oppdrettssamling, der eg var invitert, utrykk for mi personlege meining at det var urealistisk å få alle oppdrettsanlegg på land, men at einaste måten å unngå lus, forureining og rømming på, var lukka anlegg i sjøen, og at dette var teknisk løysbart. Eg blei nærmast ledd av og slett ikkje teken på alvor, heller ikkje då eg på same samlinga «kravde» merking av all oppdrettslaks og hevda det var økonomisk overkommeleg for næringa. Når eg konstaterer at vi no 16-17 år etterpå framleis, ret nok med litt større seriøsitet, diskuterer, men ikkje har fått gjennomslag for desse løysingane, blir eg litt oppgjeven. Og når fiskeriministeren i sitt «trafikklysprogram» meiner oppdrettsnæringa skal få vekse der lusa berre drep 10 % av den utvandrande smolten, ja, då rister eg på hovudet, – ei stund. Men eg gjev ikkje opp.

Alt i alt: Å vere i leiinga av NL i so mange år har vore både arbeidssamt og tidkrevjande. Men når eg ser kva NL har vorte til i dag, har det vore verdt strevet.

Og ikkje minst: Eg har desse åra møtt so utruleg mange spennande, interessante og entusiastiske laksevenner, personar eg framleis har stor glede av å treffe frå tid til annan. Og takk for det !