Ordføraren i Etne og Ø. Skaala
Siri og Øystein opna huset med snorklypping
Elveside/Rømming

Opning av nytt hus på fello

20. Juni vart det nye huset på fello offisielt opna av ordføraren i Etne Siri Klokkerstuen i lag med Øystein Skaala.

KurtBirgerHagen
onsdag 21.juni 2017 / 11:39

Det er eit flott hus dei har fått å jobba i dei nyansette ved fello.
I tillegg fekk vi tilgong på "web cam" ved inngongen til fello,
linken ligg no på framsida vår med eigen "knapp".

Siste tal: 
Fram til Sundagen var der kun 2 oppdrettslaks, men så kom der opp 5 på Sundag... totalt 7.
Det er teken ut 9 OV laks.
(dette er fisk som er sett ut for forsking, dei er merka med ein chip som fisken må avlivast for å få ut. Fisk som vert merka no har ein annan type chip, slik at data kan lesast og fisken slippast ut att.)


Totalt er der gått opp nesten 500 laks og ca 300 aure.

Størrelsen på fisken er gjennomsnittleg større enn i fjor, og fleire, noko vi er særs nøgde med.
Dette visar seg også i fiskeresultatene som som ser lovande ut, brukarane i elvo har vore heldige med været.

 

Tek forbehold om endringar i tal, då det kjem opp fisk i puljer,
dei har mykje å gjera innimellom då dei største puljene er opp i 40 og 50 individ.