Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Partly cloudy
1 °C
S
1.3 m/s
07:38
19:42
01:18
13:40

Oversikt over forskningsinformasjon om Stryneelva

Her finn du ein oversikt over tilgjengelgg forskingsinformasjon om Stryneelva.

Laks- og aurebestanden i Strynevassdraget

Rapporten frå "Laks- og aurebestanden i Strynevassdraget; vandringsmønsteret hjå laksesmolt og aure, ungfiskproduksjon og botndyr" finn du her. Rapporten er frå 2018. Forfattarar: Henning Andre Urke Thrond Oddvar Haugen Gaute Kjærstad Jo Arve Alfredsen Torstein Kristensen. 

Kartlegging av utvandringstidspunkt og marin åtferd til smolt av laks og aure vart undersøkt ved hjelp av akustisk fisketelemetri i Stryneelva og Nordfjord sesongen 2017. Vidare vart det gjennomført granskingar knytt til ungfisk og botndyr i Stryneelva, Erdalselva og Hjelledøla. 

Ungfiskgranskingane synte moderat tettleik av lakseungar i Stryneelva, låg tettleik i Hjelledøla og det vart ikkje påvist  lakseungar i Erdalselva. Førekomst av årsyngel av laks i Hjelledøla (oppstraums Strynevatnet) tyder på gyting der. Låg tettleik av aureungar vart registrert på alle stasjonar og aurebestanden ligg lågt historisk sett, medan ungfisk av laks ligg under middels av historiske data. 

Botndyrsamfunnet viser normal samansetting på alle stasjonar. God/særs god tilstand (ASPTindeks) indikerer at noverande utslepp av næringsstoff til vassdraget ikkje er for høgt. Vidare vart det registrert høg førekomst av forsuringsfølsame artar.

Gytefiskteljingar 2011

Rapporten frå gytefiskteljingar i Stryneelva i 2011 og vurdering gytebestandsmål finn du her. Rapporten er fra 2011. Forfattarar: Harald Sægrov, Bjart Are Hellen & Steinar Kålås. 

 

KLAFF NMBU Rapport_Vandringsmønster hjå laksesmolt frå Stryneelva og Eidselva i 2018

Prosjektet har skaffa ny og konkret kunnskap om vandringsåtferda til vill laksesmolt frå to nasjonale laksevassdrag i Nordfjord. Ein har fått kunnskap om når det ideelt sett burde vere minimalt med infektive lakseluslarvar i Nordfjorden for redusere negative effektar på laksesmolt frå desse to nasjonale laksevassdraga i 2018

Haugen, T.O., Urke, H.A. & Kristensen, T. 2019. Vandringsmønster hjå laksesmolt frå Stryneelva og Eidselva i 2018. - MINA fagrapport 61. 37 s.

https://static02.nmbu.no/mina/publikasjoner/mina_fagrapport/pdf/mif61.pdf