Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Light sleet
2 °C
NNØ
1.2 m/s
42.2m3

BOLSTADELVA - LAKSEFISKE I 200 ÅR

bok_omslag.png

Omslag av boka om Bolstadelva

Endeleg er  boka om  eventyrfisket etter  den  eineståande, store vossolaksen i Bolstadelva komen!

Den entusiastiske laksefiskaren og journalisten Karl Ystanes har på oppdrag frå grunneigarane i Bolstadelva samla eit unikt materiale  om elva  opp gjennom tidene.

 

Laksen og elva har vore viktig grunnlag for busetnad og matauk, og var gjennom fleire titals år  eit attraktivt reisemål for sportsfiskarar frå mange land. Så kollapsa laksestamma brått.

Dette førte til ein stor bergingsaksjon med omfattande   kultiveringsarbeid og  langvarige forskingsprosjekt.  Dei yngre generasjonane som har vakse opp i ei tid der fisket har vore stoppa eller svært avgrensa, kjenner gjerne berre brotstykke av den rike fiskesoga som høyrer til Bolstadelva.

Og samstundes var ein viktig del av heile kultursoga vår; kjennskap til fiskemetodar, arbeidsplassar, skrøner og mytar om eit rikt laksefiske i hundrevis av år, på berre nokre tiår i ferd med å forsvinna for alltid.

Tanken bak prosjektet har vidare vore at boka både skal ha ein folkeleg profil, med gode historier og fiskesoger, men også vera ei bok med mykje fakta: fangstoppgåver, informasjon om gode fiskeplassar og fiskemetodar, kunnskap om hølane og noko om økologien i vassdraget og det fascinerande livet laksen lever.

Mykje av den lokale fiskesoga vår har diverre gått tapt ved at mange av dei som opplevde eventyret, er borte i dag. Vidare har ein del av soga vorte dårleg dokumentert.

Det er gjerne slik at ein forstår verdien av noko først når det er borte. Men me har enno att dei som hugsar godt, og som har vore til stor hjelp.

Attlevande nøkkelpersonar har blitt intervjua, gamle dokument og fotografi har blitt registrerte og fotograferte, og bibliotek og digitale avisarkiv granska og refererte.

 

Boka er i sal frå slutten av november i bokhandlar på Voss, eller direkte frå oss og det blir lanseringsfest på Bolstad 29.november med bokbad, lakseprat og god stemmning !

Bruk linken under for bestilling av boka, eller trykk HER.

https://forms.gle/nXr6aw5WRsEpCno26

Så gle dykk til å lesa !

Bolstadelva elveeigarlag