Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Partly cloudy
1 °C
S
1.3 m/s
15.4m3
07:38
19:42
01:18
13:40

FAMILIEDAG I EIDSELVA

Emma med vinnarfangsten

Søndag 11.august arrangerte Eid Sportsfiskelag og Eid Elveeigarlag familiedag i Jektehola ved Eidselva.  Dette var ein del av markeringa av villaksens år. Omlag 100 personar i alle aldrar møtte fram og hadde ei triveleg stund med natursti og gratis fisking. Grunna mykje finever var det lite vatn i elva og heller dårleg fiske. Emma Langeland Dombestein vann fiskekonkurransen. I naturstien vanka det premiar til dei fleste. Arrangørane hadde ordna med grilling av pølser og gratis servering av pølser i brød, brus og bålkaffi. Det var god stemning og praten gjekk livleg.


God stemning ved elva med grillmat og drikke