Forvaltning/Organisering

Krystallklar vestlending

Eidselva i Sogn og Fjordane er en av de klassiske vestlandselvene våre. Situasjonen for laksen er god, men sjøørreten sliter. ­Villaksnytt har tatt en prat med Jørgen og Per Ingvar Langeland fra Eid Elveeigarlag.

Paal
onsdag 02.januar 2019 / 11:10

VN: Hva er best med Eidselva?

– Elva er vakker der ho snirklar seg gjennom dalen frå Hornindalsvatnet i aust til Eidsfjorden i vest og med sine mange flotte fiskeplassar. Elva er lett tilgjengeleg frå begge sider. Alle fiskevald er godt rydda og tilrettelagde for fiske. Det er ei storlakselv med stabil laksestamme og vanlegvis tidleg oppgang. Ved god og høveleg vassføring er det godt laksefiske heile sesongen som strekker seg frå 1. juni til 31. august.

VN: Hvordan er grunneierne i elva organisert?

– Eid Elveeigarlag organiserer elveeigarane og alle er med i laget. Styret tek dei daglege avgjerdene og står for samarbeidet med Eid Sportsfiskelag. Sportsfiskelaget er ein viktig samarbeidspartnar i drift av elv og fiske.

VN: Hvordan er situasjonen i Eid for laks og sjøørret?

– Laksefisket held seg godt og fangstane har ligge på omlag 2000 kg – opp mot 3000 kg i svært gode år og ned under 1500 kg i dårlege år. Aukande andel gjenutsett, men framleis svært lite – under 200 kg.

Auren har hatt ei katastrofal utvikling og fangstane var i 2018 under 100 kg – frå 2000 – 3000 kg for relativt få år sidan.

Per Ingvar Langeland med flott laks fra Eidselva. Foto:Privat.
Per Ingvar Langeland med flott laks fra Eidselva. Foto:Privat.

VN: Hvordan jobber elveeierlaget for å fremme informasjonen om laksefiskemulighetene i elva?

– Elveeigarlaget driv saman med sportsfiskelaget heimesida eidselva.no.  Her prøver vi å legge ut aktuell informasjon om elva og fisket. Vi har fleire reportasjar i lokalavisene og regionavisene – som regel ved oppstart av sesongen og statusrapportar midtsommars og på hausten.

Privatpersonar er også på sosiale medier med sine eigne historier frå elva.

Heimesida er no i ferd med å bli flytta under paraplyen til Norske Lakseelver.
 

VN: Vet dere hvor mange tilreisende fiskere som kommer til elva i løpet av sommeren?

– Vi har vel ikkje noko eksakte tal, men det vert utført omlag 150 desinfeksjonar på stasjonane våre.
 

VN: Hvordan er samarbeidet med lokale sportsfiskere?

– Samarbeidet med Eid Sportsfiskelag er svært godt, og viktig for fiske, sal av fiskekort og oppsyn. Dette samarbeidet er også viktig for rapporteringa og promoteringa av fisket.
 

VN: Hva gjør elveeierlaget for å fremme næringsinteressene rundt sportsfisket i elva?

– Elveeigarlaget fremmar sal av fiskekort for heile elva gjennom nettsida og samarbeidet med sportsfiskelaget. Vi driv to offentleg tilgjengelege desinfeksjonsstasjonar, og dokumentert desinfeksjon er krav ved kjøp av fiskekort dersom fiskaren har vore i andre vassdrag.

Laget samarbeider med lokale overnattingsstader som campingplassar, hytteutleige, hotell og anna utleige av rom. Vi har også godt samarbeid med Eid Kommune og er eit av tilboda det vert reklamert for under « Eid Inviterer»
 

Tørkesommeren 2018 var spesiell, men vanligvis er det godt med vann i Eidselva. Foto: Privat.
Tørkesommeren 2018 var spesiell, men vanligvis er det godt med vann i Eidselva. Foto: Privat.

VN: Er det noen spesielle biologiske eller morfologiske utfordringer i elva?

– Elva har god reproduksjon og gode gyteområde. Vi har difor ikkje sett ut smolt på mange år. Kviefossen er eit naturleg hinder, men laksen klarer å forsere fossen.  Her har vi laksetrapp som vi ofte stenger på hausten i håp om hindre oppdrettslaksen i å gå opp. Største trusselen er nettopp rømt oppdrettslaks, men det har hittil gått ganske bra. Det vert gjort eit viktig arbeid med utfisking av oppdrettefisk kvar haust.

I 2017 kom det ein del pukkellaks som vi tok ut etterkvart. Det er ikkje observert nokon i 2018.
 

VN: Overvåkes ungfiskproduksjonen i elva?

– Vi har årlege gytefisktellingar og ungfisktelling med jamne mellomrom.  No i vår kom vi med i «Klaff» for å få betre kunnskap om utvandringa gjennom fjordsystemet. Det vart også merka ein del aure og vi er svært spente på resultata.

Observasjon av svært stor gytefisk dei siste åra er svært spennande.

Gytebekkane langs elva har fått auka merksemd dei siste åra og desse vert renoverte og vedlikeholdt etter beste evne. Ved alle inngrep i og langs elva vert det teke omsyn til desse viktige reproduksjonsområda for auren.


VN: Eidselva har lange historiske tradisjoner for laksefiske. Gjøres det noe spesielt for å vedlikeholde disse?

– Alt arbeidet vårt har som mål å oppretthalde og styrke lakse- og aurestammen. Dette er grunnlaget for eit stabilt og godt fiske som igjen er den beste PR for elva. Saman med naturopplevinga er dette naudsynt for å holde ved like interessa for noverande og nye generasjonar. God forvaltning, godt rykte og høg interesse er det beste grunnlaget for at tradisjonane skal leve vidare og utvikle seg.
 

VN: Har dere noen arrangement eller annet for å engasjere ungdommen i bygda rundt elva og laksefisket?

– Vi har ikkje spesielle tiltak for unge fiskarar anna enn at dei erfarne og dyktige fiskarane tek med seg ungdommen til elva.
 

VN: Hva har tørkesommeren 2018 betydd for dere?

– Tørken reduserte vassføringa betydeleg og det førte til dødt fiske i juli etter ein god start i juni. Eidselva er avhengig av god vassføring for eit stabilt fiske og sesongen totalt sett vart redusert slik at vi enda på omlag 1700 kg laks dette året.

I slutten av juli var vassføringa under 7 m3 og vi iverksette sterke redskapsbegrensningar til berre flugefiske og lett markefiske. Desse restriksjonane heldt vi dei 2 – 3 vekene då elva var minst og temperaturen høgst. Denne perioden gjekk svært lite laks opp i elva og det var mykje laks i fjorden. Vassføringa og fisket tok seg opp igjen dei siste vekene i august.
 

VN: Dere er en del av driftsplangruppa for Sogn og Fjordane. Hvordan har det fungert å møte de andre elvene og NL for å legge om til digitale løsninger?

– Vi hadde nettopp revidert driftsplanen vår og har ikkje gjort mykje nytt arbeid. Planen vert endra litt og tilpassa den digitale løysinga, men vi er ikkje heilt i mål. Elles er det interessant og nyttig å møte dei andre elvane og høyre om deira erfaringar.
 

VN: Hva føler dere at dere får ut av medlemskapet i Norske Lakseelver?

– Først og fremst å ha ein sterk støttespelar som vi kan nytte oss av ved ymse spørsmål og problemstillingar som kan påverke  elva, fisken og fisket. Vi har nytta oss av fagfolka der i samband med diverse veganlegg og det nye vassverket på Nordfjordeid.

I tillegg er det også medlemsbladet.
 

VN: Er det noe dere gjerne skulle sett at NL gjorde for dere?

– Det er viktig at NL har både generell og spesiell kompetanse som vi kan nytte oss av i gitte situasjonar.

Vi rapporterer all fangst svært nøye og samlar inn skjellprøvar. Denne informasjonen er tilgjengeleg. Kilenotfisket i fjorden derimot er det ganske stille rundt. Vi kunne tenkt oss at informasjonen frå dette fisket var tilgjengeleg på lik linje med vårt fiske i elva.
 

VN: Noe annet dere vil fortelle om?

– Vi vil nemne ELDSKJELENE våre. Vi har nokre personar  med glødande interesse for Eidselva og laksen vår. Dei er svært lette å be og gjer ein uvurderleg innsats med blant anna utfisking av oppdrettslaks og  hjelp til ulike prosjekt og tiltak i og rundt elva.

Vil også nemne kameraprosjektet som vi har arbeidd med nokre år. Vi har no fått bilde og film frå elva og vi har lagt ut nokre klipp på heimesida. Målet er at vi skal kunne bruke dette verktyet i overvakinga av elva og etterkvart også som reklame.