Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Cloudy
10 °C
SSØ
2.4 m/s
29.1m3
12:27
00:34
06:10
18:20

Styret i Etne Elveigarlag har bede leiaren og sekretæren om å gjennomføra det praktiske med evalueringa , og å gi ei tilråding til styret. Evalueringa vart gjennomført etter standard metode pålagd av Fylkesmannen med teljedato 8.juli.  Fagrådet har etter eige ynskje vore representert i prosessen.

Tallmaterialet hittil i år gir ein prognose for forventa gytebestand som ligg over  gytebestandsmålet på 1025 kg.hofisk ved sesongslutt, basert på normalt tidspunkt for oppvandring.

Registreringar i fiskefella frå tidlegare år viser god oppgang av laks også etter sesongslutt.

Elveigarlaget ser difor ikkje grunn til å gjennomføra andre fangstregulerande tiltak utover det som framgår av fiskereglane.

Det er grunn til å undrestreka viktigheten av å ta vare på dei store hofiskane , og oppmodar fiskarane til gjenutsetjing. Ellers minner me om at etter 15 juli skal all villaks over 100 cm gjenutsetjast.