Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Grei
23 °C
SV
2.7 m/s
9.1m3
12:19
00:40
06:00
18:23

Nytt styre i Etne Elveeigarlag

aune.jpg

Ny leiar Andreas Aune

Andreas Aune vald til ny leiar i Etne Elveeigarlag.

På årsmøtet i slutten av februar vart Andreas Aune (45) vald til ny leiar i Etne Elveigarlag. Han har ein part i Sørheim Fiskesameige , og er no fulltids bonde med interesse også for laksen og Etneelva.  Mellom anna har familiemannen vore leiar av Etne Klekkeri .  Andreas er sivilingeniør og har tidlegare jobba i Omega og Statoil.

På årsmøtet vart det ellers vedteke å gjennomføra ei planlagd kartlegging av elva som del av tiltaka i driftsplanen. NORCE , tidlegare Uni Miljø, skal gjennomføra kartlegginga som startar allerede tidleg på våren.  Vidare vart det vedteke å gjennomføra eit nytt fangstrapporteringssystem i samarbeid med Elveguiden  Rapporteringssystemet vert gjeldande for alle fiskarar og all fangst frå kommande sesong. Meir info om dette kjem seinare.  Fiskereglane frå i fjor vert vidareført med nokre justeringar ,og vert lagd ut på heimesida vår om kort tid.

Etter at årsmøtet valde tre nye styremedlemmer ser styret no slik ut:

Andreas Aune, leiar 
Kurt Hagen, nestleiar 
Vidar Børretzen, sekretær
Asbjørn Moe
Frode Grindheim
Magnus Osvåg