Pukkellaks - hoer fanga i Eidselva
Elveside

PUKKELLAKS

JorgenLangeland
søndag 18.august 2019 / 21:49

Det har siste tida vorte observert nokre pukkellakss i Eidselva. Først var det kun sett eit lite 10 - tals individ som passerte kameraet. Siste veka vart det sett nokre oppover i elva. Vi søkte difor Fylkesmannen om løyve til bruk av lys under fanging av pukkellaks og fekk dette. Det er lys og "spyd" som har vist seg mest effektivt. Det er til no fanga 7 eksemplar og vi ber alle vere på utkikk slik at vi kan hindre at desse uønska laksane gyter i elva.