Familiedag i Eidselva
Grilling og bålkaffi
Fleire fekk prøve fiskelukka

VILLAKSENS DAG I EIDSELVA

Eid Elveeigarlag og Eid Sportsfiskelag arrangerte i samarbeid med Norske Lakseelver Villaksens dag i Eidselva søndag 5. juli.

JorgenLangeland
mandag 06.juli 2020 / 15:12

Godt og vel 100 små og store glade fiskarar trossa regnveret og møtte opp på årets familiedag i Eidselva. Som i fjor rigga vi oss til i Jektehola og grilla og kokte bålkaffi. I år hadde vi hjortebiff og pølser på grillen og det var ein populær godbit. 

Aktiviteten var variert med natursti, fisking, vassing på grunna og sosialt samvær. Alle som deltok fekk premiar og det var god stemning sjølv om det var regn heile tida. Det vart diverre ingen fangst under arrangementet, men rett etterpå vart det fangst litt lenger oppe.