Kalkdoserer

Kalkdoserer

Her kan du lese litt om arbeidet med kalkdoserar i Børsdalselva.

 

 

Trond Myklebust
søndag 02.januar 2022 / 19:56

Det vart vedteke å byggja kalkdoserar i Børsdalselva i 2002. I den samanheng er det og bygd veg fra Haugland og bort til Børsdalselva. Den var ferdig i 2003, og arbeidet med kalkdoseraren vart starta.

Det er bygd ein liten demning over elva med ein vassmengde   målar tilknytta. Den målar vassmengda i l/s som igjen avgjer kor mykje kalk som skal tilsetjast vatnet. På eit år varierer kalkmengda med mellom 80 og 150 tonn.

 Kalkdoseraren vart bygd og er driven av offentlege midlar, men driftsansvaret er no overført til Kvinnherad kommune.     Dagleg tilsyn vert utført i samarbeid med Miljøvernavdelinga hos Statsforvalteren.