Forvaltning

Kompetansemål i matematikk

Elva som pedagogisk ressurs. Aktuelle kompetansemål i matematikk i alle alderstrinn.

Ayna Heilong
lørdag 30.juli 2016 / 13:25

Kompetansemål etter 2. årstrinn

  • Tal, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         gjere overslag over mengder, telje opp, samanlikne tal og uttrykkje talstorleikar på varierte måtar

·         utvikle, bruke og samtale om varierte reknestrategiar for addisjon og subtraksjon av tosifra tal og vurdere kor rimelege svara er

·         utvikle, bruke og samtale om varierte reknestrategiar for addisjon og subtraksjon av tosifra tal og vurdere kor rimelege svara er

·         doble og halvere

  • Måling, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         måle og samanlikne storleikar som gjeld lengd og areal, ved hjelp av ikkje-standardiserte og standardiserte måleiningar, beskrive korleis og samtale om resultata

·         nemne dagar, månader og enkle klokkeslett

Kompetansemål etter 4. årstrinn

  • Tal, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         beskrive og bruke plassverdisystemet for dei heile tala, bruke positive og negative heile tal, enkle brøkar og desimaltal i praktiske samanhengar og uttrykkje talstorleikar på varierte måtar

·         utvikle og bruke varierte metodar for multiplikasjon og divisjon, bruke dei i praktiske situasjonar og bruke den vesle multiplikasjonstabellen i hovudrekning og i oppgåveløysing

·         bruke matematiske symbol og uttrykksmåtar for å uttrykkje matematiske samanhengar i oppgåveløysing

  • Måling, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         gjere overslag over og måle lengd, areal, volum, masse, temperatur, tid og vinklar, samtale om resultata og vurdere om dei er rimelege

  • Statistikk, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         samle, sortere, notere og illustrere data på formålstenlege måtar med teljestrekar, tabellar og søylediagram, med og utan digitale verktøy, og samtale om prosess og framstilling

Kompetansemål etter 7. årstrinn

  • Tal og algebra, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         utvikle, bruke og diskutere metodar for hovudrekning, overslagsrekning og skriftleg rekning og bruke digitale verktøy i berekningar

·         beskrive referansesystemet og notasjonen som blir nytta for formlar i eit rekneark, og bruke rekneark til å utføre og presentere berekningar

·         finne informasjon i tekstar eller praktiske samanhengar, stille opp og forklare berekningar og framgangsmåtar, vurdere resultatet og presentere og diskutere løysinga

  • Måling, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         velje høvelege målereiskapar og gjere praktiske målingar i samband med daglegliv og teknologi og vurdere resultata ut frå presisjon og måleusikkerheit

·         gjere overslag over og måle storleikar for lengd, areal, masse, volum, vinkel og tid og bruke tidspunkt og tidsintervall i enkle berekningar, diskutere resultata og        vurdere kor rimelege dei er

·         bruke forhold i praktiske samanhengar, rekne med fart og rekne om mellom valutaer

  • Statistikk og sannsyn, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         planleggje og samle inn data i samband med observasjonar, spørjeundersøkingar og eksperiment

·         representere data i tabellar og diagram som er framstilte med og utan digitale verktøy, lese og tolke framstillingane og vurdere kor nyttige dei er

·         finne median, typetal og gjennomsnitt i enkle datasett og vurdere dei ulike sentralmåla i forhold til kvarandre

Kompetansemål etter 10. årstrinn

  • Tal og algebra, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         bruke tal og variablar i utforsking, eksperimentering og praktisk og teoretisk problemløysing og i prosjekt med teknologi og design

  • Måling, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         gjere overslag over og berekne lengd, omkrins, vinkel, areal, overflate, volum, tid, fart og massetettleik og bruke og endre målestokk

·         velje høvelege måleiningar, forklare samanhengar og rekne om mellom ulike måleiningar, bruke og vurdere måleinstrument og målemetodar i praktisk måling og drøfte presisjon og måleusikkerheit

  • Statistikk, sannsyn og kombinatorikk, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         gjennomføre undersøkingar og bruke databasar til å søkje etter og analysere statistiske data og vise kjeldekritikk

·         ordne og gruppere data, finne og drøfte median, typetal, gjennomsnitt og variasjonsbreidd, presentere data, med og utan digitale verktøy, og drøfte ulike dataframstillingar og kva inntrykk dei kan gje