Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev

Kompetansemål samfunnsfag

Elva som pedagogisk ressurs. Aktuelle kompetansemål i samfunnsfag i alle alderstrinn.

Kompetansemål etter 4. årstrinn

  • Utforskaren, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         formulere spørsmål om samfunnsfaglege tema, reflektere og delta i fagsamtalar om dei

·         finne og presentere informasjon om samfunnsfaglege tema frå tilrettelagde kjelder, også digitale, og vurdere om informasjonen er nyttig og påliteleg

·         bruke grunnleggjande nettvett i digital samhandling og ha kunnskap om reglar for personvern i digitale medium

·         skrive enkle tekstar om samfunnsfaglege tema og bruke grunnleggjande fagomgrep

.          bruke metodar for oppteljing og klassifisering i enkle samfunnsfaglege undersøkingar og presentere enkle uttrykk for mengd og storleik i diagram og tabellar

  • Historie, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         kjenne att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke

  • Geografi, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         beskrive landskapsformer og bruke geografiske nemningar i utforsking av landskapet nær skole og heim

·         fortelje om viktige landskap og landskapsformer i Noreg og nokre andre land

Kompetansemål etter 7. årstrinn

  • Utforskaren, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         formulere eit samfunnsfagleg spørsmål, foreslå moglege forklaringar og belyse spørsmålet gjennom ei undersøking

·         gjennomføre og presentere undersøkingar som krev teljing og rekning, ved å bruke informasjon frå tabellar og diagram

·         finne og trekkje ut samfunnsfagleg informasjon ved søk i digitale kjelder, vurdere funna og følgje reglar for nettvett og nettetikk

·         bruke digitale verktøy til å presentere samfunnsfagleg arbeid og følgje reglar for personvern og opphavsrett

·         skrive samfunnsfagleg tekst ved å bruke relevante fagomgrep og fleire kjelder

  • Historie, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         plassere tidlege elvekulturar på kart og tidsline og presentere sentrale trekk ved dei

  • Geografi, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis

·         gjere greie for klima- og vegetasjonssoner i verda og korleis menneske gjer seg nytte av dei

·         beskrive korleis produksjon og forbruk kan øydeleggje økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfte korleis dette kan hindrast og reparerast

  • Samfunnskunnskap, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         gje døme på ulike kulturelle symbol og gjere greie for kva vi meiner med omgrepa identitet og kultur

.          presentere ein aktuell samfunnskonflikt og drøfte forslag til løysing

·         diskutere formålet med FN og anna internasjonalt samarbeid, også urfolkssamarbeid, og gje døme på den rolla Noreg har i samarbeidet

Kompetansemål etter 10. årstrinn

  • Utforskaren, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         formulere spørsmål om forhold i samfunnet, planleggje og gjennomføre ei undersøking og drøfte funn og resultat munnleg og skriftleg

·         bruke samfunnsfaglege omgrep i fagsamtalar og presentasjonar med ulike digitale verktøy og byggje vidare på bidrag frå andre

·         skrive samfunnsfaglege tekstar med presis bruk av fagomgrep, grunngjevne konklusjonar og kjeldetilvisingar

.          vise korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfte korleis interesser og ideologi kan prege synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning

  • Historie, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

·         finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og diskutere korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis

  • Geografi, mål for opplæringa er at eleven skal kunne

.          lese, tolke og bruke papirbaserte og digitale kart, målestokk og kartteikn

.          utforske, beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet

·         undersøkje korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda og drøfte premissar for berekraftig utvikling

·         undersøkje og diskutere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt

.          gjere greie for indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn
.          utforske, beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet