Hornindalsvannet

Hele vatnet er anadromt strekk. Fisketid for anadrom fisk er 01.06.31.08. Det er tillate å fiske innlandsfisk med stong og handsnøre heile året, og med oter i tidsrommet 15.mai – 25. september. Alle som fiskar anadrom fisk skal betale Forvaltningskort.

Fiskeregler

Fiskereglar i Hornindalsvatnet
Alle over 16 år som ikkje er rettigheitshavar i Hornindalsvatnet skal ha gyldig fiskekort.

Stong, handsnøre og oter
Det er tillate å fiske innlandsfisk med stong og handsnøre heile året, og med oter i tidsrommet 15. mai – 25. september. Slikt fiske kan berre skje i ein avstand på minst 100 m i luftline frå lakse- eller sjøaureførande elveos. Fiske etter laks og sjøaure med stong og handsnøre er tillatt berre i den
tida det er opna for slikt fiske.

Agn
Følgjande agn er lov å bruke: mark, sluk, spinner, wobbler og fluge. Det er forbode å bruke fisk som levande agn.

Fiske frå land
Ved fiske frå land er det lov å nytte ei stong eller eitt handsnøre pr. person. Det er lov med inntil 2 agn pr. stong eller handsnøre.

Fiske frå båt
Ved fiske frå båt er det lov å bruke inntil 2 reiskap samtidig (stong/ handsnøre/ oter). Stong og handsnøre kan berre ha eitt agn pr. reiskap. Oter kan nyttast med inntil 8 fluger (berre ein oter per båt).

Generelt
Skjelprøvetaking og fangstrapportering i Elveguiden av all fisk over 40 cm.
Alt utstyr som er nytta i anna vassdrag skal desinfiserast før bruk i Hornindalsvatnet. (Gjeld både fiskeutstyr, båtar, kanoar, kajakkar, våtdrakter, vannscooter og liknande.)
Fiske og utstyr som er i strid med desse fiskereglane er forbode.
For grunneigarar i Hornindalsvatnet gjeld særreglar for fiske med garn etter innlandsfisk i samsvar med Forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk, Sogn og Fjordane, sist endra i 2018. Kort resume:
Aust for ei line vest for Årvikneset og vest for Andeneset er det tillate å fiske med botngarn og neddykte garn med største maskevidd 31 mm heile året.
Aust for ei line mellom Bakkeneset og Grønløkjen er det tillate å fiske med botngarn og flytegarn med største maskevidd 39 mm i tidsrommet 15. mai–25. september.
Ved utløpet av Storelva (Ytrehorn/ Kyrkjhorn) er garnfiske tillate utanfor ei linje ca. 150 m frå elveosen og i ca. 200 m breidde ute på vatnet.
Alle garnlenker skal merkast med fiskaren sitt namn eller gards- og bruksnummer på endeflottøren mot land.
Skjelprøvetaking og fangstrapportering i Elveguiden av all fisk over 40 cm.