Fangstrapportering 2023

Mål

Gode rutiner for kontinuerlig innrapportering av fangster gjennom sesongen

Beskrivelse

Samtlege fiskarar er forplikta å rapportere fortløpande inn fangstal. Dette er naudsynt for å sikre at tiltak kan settast i verk så snart råd er. Seljarar av fiskekort skal sørge for å gjere kvar kortkjøpar merksam på dette.

Erfaringa er at elektronisk fangstrapportering blir meir og meir vanlig også i andre elvar. Dette gjer det lettare for oss å kreve det av våre fiskerar. Vi trur og at kvaliteten på innsamla data bli meir nøyaktig med åra, og gir oss god innsikt i kva som skjer i elva. Det er fiskaren sjølv sitt ansvar å rapprotere. Men det er grunneigarane sitt ansvar å sørge for at fiskarane kjenner til det. Dette trur vi medvirkar meir til jamnleg rapportering og dermed bedre datakvalitet.

Erfaring fra forrige sesong med tilbod om rapportering gjennom Elveguiden.no har vore god og er eit alternativ som styret i grunneigarlaget ønsker at dei fleste valda/soner tar i bruk.