Fiskereglar

INNSKRENKA FISKEREGLAR

Styret ser seg nødt til å innskrenke dagens fiskereglar for å forhindre fangst av laks.

Ein vil med dette presisere at det ikkje er tillatt å fiske etter laks i Lærdalselva!

Det vil gå oppsyn tett framover for å sjå til at fiskereglane blir følgt.

NjaalGolf
torsdag 15.juli 2021 / 00:28

Fiskereglar 2021

 

Fisketider

Sjøaure: frå 1. juni til 31. august

 

Fiskereglar for 2021 vedteke: 

 

Fiskereglane kan bli ytterlegare innstramma om ein ser at desse ikkje er tilstrekkeleg for å begrense fangst av laks.

 

Framleige:

Etter forskrifter om framleige av fiskerett av 25/6 1993, er framleige, altså vidareutleige av leigd rett, ikkje tillatt, då likevel med unntak som går fram av forskrifta.

 

Lokale Fiskereglar for 2021 vedteke av elveeigarlaget:

 

Stamfiske

Stamfiske finn stad frå 13. juni kl. 14.00 til 15. juni kl. 14.00 nedstrøms merket mellom Voll og Nedre-Voll (Prestegardsretten) og frå 15. juni kl. 14.00 til 17. juni kl.14.00 oppstrøms dette merket. Desse dagane må elva på dei aktuelle strekningane vere eksklusivt og fullt ut disponible for stamfiske.

 

Styret har tiltru til at dei enkelte valda sjølv vurderer når det er fornuftig å starte sjøaurefiske. 

Elveeigarane må vera tydeleg på at det berre er lov å fiska etter sjøaure. Og at fiske må utøvast  i tråd med dette.

Dersom ein ved sjøaurefiske får på laks, skal denne setjast tilbake i elva.

All laks som blør fra gjellene, skal avlivast. Laksen som må avlivast på grunn av skade, skal rapporteres straks, og innleverast til elveeigarlaget. Laksen skal ikkje leverast attende til fiskar.

Det skal ikkje takast laks ut av dalen.

All pukkelaks som blir landa skal avlivast og rapporterast

 

Fiskereiskap i Lærdalselva:

Det er kun tillete å fiske med fluge der flugelina utgjer kastevekta i heile elva i heile fiskesesongen. Det er ikkje tillete å fiske med dobb og fluge.

Det skal kun benyttast flugestang med maks lengde på 14 fot

Fiskelina skal vere flyt/intermediate - alle synkegrader er forbudt, dette gjeld alt av line/snøre/fortom fram til fluga.

Det er kun tillatt å fiske med ufortyngande fluger bundet på enkel eller dobbel krok opp til krokstørrelse 6. Krokane skal være mothakeløse eller ha innklemte mothaker.

Ved dagslys skal fluga ha ein maks lengde på 6 cm.

 

Sjøaurefiske, uttak:

Uttaket skal avgrensast til fisk mellom 45 cm (ca 1,2 kg) og 60 cm (ca 2,5 kg). All sjøaure som blør fra gjellene, skal avlivast. Sjøaure som må avlivast på grunn av skade eller ved overlegg, og som er utanfor angitt storleik som kan uttakast, (jf. ovafor), skal rapporteres straks og innleverast til elveeigar. Sjøauren skal ikkje leverast attende til fiskar. Døgnkvote per fisker per døgn er en sjøaure. Fisket må avsluttast den aktuelle dagen for fiskar som fanger og avlivar sjøaure. Dette gjeld også ved fangst av sjøaure som må avlivast på grunn av skade (blør fra gjellene).

 

Desinfisering:

Alt fiskeutstyr skal desinfiserast både før og etter fiske. Den einskilte sameige / elveeigar har ansvaret for å ha tilgjengeleg desinfiseringsutstyr for fiskarar, eventuell avtale med andre elveeigarar som har slikt utstyr. Desinfiseringa skal skje under oppsyn av elveeigar sjølve eller ein eigarrepresentant. Sameige eller elveeigar har ansvaret for at det blir ført skrifteleg oversikt over dei som får gjennomført desinfisering på eige skjema eller i Scanatura via fiskernummer. Etter desinfisering skal kvar fiskar få med eit bevis på at desinfisering har funne stad, enten skrifteleg eller digitalt i Scanatura. Ver merksam på at elveeigar og fiskar må kunne framvisa dokumentasjon/bevis ved kontroll.

Registrering og Rapportering:

Elveeigar/sameige har ansvaret for at alle fiskarar er registrert i Scanatura (Inatur) FØR vedkommande fiskar startar fisket, og å påse at all fangst vert registrert fortløpande. Registrering og rapportering skal i 2021 skje etter samme system og framgangsmåte som tidlegare år.

Fiskar plikter å rapportere alle fangstar straks og uten unødig opphold, etter landing eller gjenutsetjing, direkte sjølve i Scanatura eller med hjelp fra elveeigar/utleigar. Spesielt viktig er dette ved fangstar som vert avliva.  Ved kontroll, vil avliva laks som ikke er rapportert, kunne medføre sanksjoner.

Fisketrygdavgift/kontroll

Elveeigar/utleigar må kontrollere at fisketrygdavgift er betalt før fisket startar opp.

Gyldig kvittering må takast med under fiske. Det vil bli gjennomført oppsyn med kontroll både om denne avgifta er betalt og om reglane om fiske elles vert følgde.

 

 

Lærdal, Oppdatert 19.07.2021

 

 

Lærdal Elveeigarlag v/ Ola Petter Bøe, styreleiar.