Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Heavy rain
4 °C
SSV
3.8 m/s
19.8m3
08:38
20:44
02:18
14:36

Første villaks i fella 2016

2. mai, passerte den første villaksen fiskefella i Etneelva. Det var ein fin hofisk på 4 kg. I god kondisjon og fri for lus.

etne_villaks_i_fella_2012.jpg

Villaks i fiskefella i Etne 2013
En flott villaks fra Etneelva - bildet er fra 2012. Tor Egil Holmedal t.v. og Vidar Børretzen til høyre.

Dagen etter kom det 3 nye villaksar i størrelsen 5 til 7 kg. Den eine var ein andregangsgytar og var merka første gang i fella i 2014.

I fjor vart årets første laks i fella registrert 19. april , og i 2014 så tidlig som 9. april.

Dette var morro , så no ser me fram til ein god sesong med opning 15. juni. I mellomtida håpar me det sig på med med fisk som fordeler seg oppover i elva slik at det på opninga er gode muligheter for fangst langs heile elva.

Det nye med felleprosjektet i år er at det også blir registrert og merka eit begrensa antall utvandrande laksesmolt. Det blir spennande å sjå resultata om nokre få år.

Fiskefella vart i år montert og i drift 22. april , og første fangsten , ein regnbogeaure ,stod i fella allerede dagen etter. Heldigvis er det i fella hittil berre registrert 3 regnbogeaurar , så det ser ut som om akkurat den rømingssituasjonen går over med skrekken for vår del.