Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev

Forvaltningsplan for Lærdalsvassdraget til offentleg ettersyn

img_0743.jpg

Foto: Stine Kvam Golf
Foto: Stine Kvam

Østfold Energi, NVE, Lærdal kommune, Lærdal Elveeigarlag og Fylkesmannen i Vestland har samarbeida om å utarbeide ein forvaltningsplan for Lærdalselva med sideelvar.  Forvaltningsplanen ligg no ute til offentleg ettersyn og er sendt på høyring.

Lærdalsvassdraget har ein sentral plass i Lærdalssamfunnet. Lærdalselvi gjev vatn til landbruk og hushaldning og den gjev liv til ein verdskjend laksebestand. Samstundes gjev elva lokalsamfunnet utfordringar med flaum. Forbyggingar og tersklar er vanleg som sikring mot flaum og erosjon langs elva. Forvaltninga treng oversikt over samla verknad av tiltak i vassdraget.

For å kunne forvalte vassdraget på ein god måte er det naudsynt med nokre prinsipielle prioriteringar. Frå historia veit ein at elva kan vere vill og farleg, og ein ventar auka ekstrem nedbør i framtida. Difor må ein alltid ta omsyn til samfunnstryggleik. Villaksen betyr mykje for Lærdalssamfunnet. Den har fått vern gjennom statusen til Lærdalsvassdraget som nasjonalt laksevassdrag. Det er viktig å ta vare på og betre naturkvalitetane for å oppnå ei berekraftig utvikling av villaksbestanden. Landbruket i Lærdal har lange tradisjonar. Særleg gode tilhøve for landbruk gjer dette til den viktigaste næringa med tilknyting til vassdraget, saman med turisme og vasskraftproduksjon.

Forvaltningsplanen skal liggje til grunn for fysiske tiltak i og ved vassdraget. Den er grunnlaget for kommunen si forvaltning og grunnlagsdokument for dei andre prosjekteigarane. Målgruppa er forvaltninga, grunneigarar og andre som har interesse i vassdraget.

Innspel til Forvaltningsplan for Lærdalsvassdraget vert å senda til Lærdal kommune, postboks 83, 6886 Lærdal eller post@laerdal.kommune.no innan 12.august 2019. Då planen har vore utarbeida med breid medverknad frå alle involverte partar, vert det ikkje gjeve utsett frist til høyringsinnspel.

 

Les dokumenta her:

https://www.laerdal.kommune.no/forvaltningsplan-for-laerdalsvassdraget-til-offentleg-ettersyn.6233026-156407.html