Nyhetsbrev

Meld deg på Norske Lakseelvers nyhetsbrev
Sleet
3 °C
S
0.4 m/s
2.6m3
10:58
23:06
04:39
16:55

Nytt fangstrapportsystem frå 2019

Eit av vilkåra for å opna for fiske i elva er at me har gode rutinar for fangstrapportering. Dette er eit krav frå den nasjonale villaksforvaltninga i arbeidet med å forvalta fiskeresursen på ein trygg og god måte både nasjonalt og lokalt.

etneelva_2007-2013-31.jpg

Fluefiske i sone 22 i Etnelva i 2009.
Fluefiske i sone 22 i Etnelva i 2009. - Foto: Ellen Marie Hagevik

For elveigarlaget er det også viktig med nøyaktige fangstregistreringar til bruk mellom anna som grunnlag for berekning og tildeling av andeler mellom fiskerettshavarane. Fangstregistreringane må vera detaljerte og gi opplysningar ned på enkelt sone / eigar.

På strekkninga frå sone 1 til  26 vert registreringane på sone som før , medan me for Sørelva må  splitta fangstrapprteringa på fleire soner enn tidlegare. Framlegg til soneindeling for Sørelva gjeld for 2019 , og gjeld berre for fangstregistrering.For heile elva må det framgå av fangstrapporten på kva sone fangsten er teken.    Sjå eige oversyn over nye soner i Sørelva som må nyttast ved fangstrapport.

Frå og med kommande fiskesesong har elveigarlaget starta eit samarbeid med Elveguiden om eit nytt tidsmessig fangstrapporteringssystem. Dette vil letta arbeidet for fiskerettshavar  monaleg.

Elveguiden er ei moderne plattform som leverer ulike system for salg av fiskekort , administrasjon , laksebørs, registrering, rapportering , heimeside osv. Frå og med i år skal alle fiskarane rapportera fangsten på eigen app innan neste dag til Elveguiden. Dette gjeld uansett kor i elva han fiskar eller kor han har kjøpt fiskekort, også om han ikkje får fangst.

Fangstrapporteringssystemet gir ein eineståande mulighet for alle til tilgang til oppdatert laksebørs. 

Kven som helst kan når som helst gå inn på laksebørsen utan ID og finna interessante opplysningar og detaljar om fangst og fiske for elva samla eller på enkeltsone.

Alle fiskarane som skal rapportera fangst , registrerer seg med ein brukar , og får dermed eit eige ID-nummer. 

Det er avgjerande viktig også å rapportera om nullfangst.

Ta kontakt med Elveguiden tlf. 95170680 -  45605597 eller WWW.elveguiden.no for meir info.   

Rapporteringssystemet er gratis for fiskaren , kortseljaren og for elveigarlaget.

Fiskerettshavar kan som før velga om , og korleis han ynskjer å selja sine fiskekort. Ynskjer kortseljar å nytta Elveguiden si heimeside i markedsføringa , kan dette avtalast direkte. Ein betalar då 2,5% av salg gjort manuellt i systemet til grunneigars faste kunder. Utanom dette vil manuelt salg til nye kunder , samt alt online salg ha ein provisjonssats på 12% eks. MVA.   

Kortseljar står altså fritt til å velga si løysing for salg av fiskekort. Det viktigaste no er at me får på plass eit moderne ,enkelt og godt system for fangstrapportering. Vidare  er det avgjerande viktig at fiskerettshavar og kortseljar informerer fiskaren om det nye systemet som no er pliktig for alle.  

Meir info som viser korleis fiskaren lastar ned appen , lagar ein brukar, og rapporterer fangst vert vist på  vår heimeside Etneelvo.no så snart den er klar.

Ny soneindeling for Sørelva vert vist på vår heimeside Etneelvo.no om kort tid.

  

                                                                Etne Elveigarlag

                                                                  Andreas Aune 

                                                                           leiar