Midtsesongevaluering 2023

Andreas Aune
onsdag 12.juli 2023 / 18:48

Midtsesongevaluering er gjennomført og det vert ingen endring i fiskereglar, men total fangstkvote for elva er nedjustert med 30% til 700 laks. Dette med bakgrunn i vesentleg dårlegare oppgang enn forventa. Me oppmodar og til gjenutsetting av stor ho laks.

Det vert ikkje opna for fiske etter aure i denne omgang, det vert ei vurdering mot 2024 sesongen.

Minner og om krav til skjellprøve av all avliva fisk. Dette er eit krav frå Statsforvalter og representerer særs viktig data for Havforskningsinstituttet.